Presseinvitasjon:

Reisemålsutvalet legg fram utgreiinga si

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Torsdag 30. mars mottek næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) rapporten og tilrådingane frå Reisemålsutvalet.

Nett-tv Reisemålsutvalget legger frem sin utredning

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

– Reiselivet er Noregs femte største eksportnæring og gir arbeid til over 180 000 personar. Regjeringa ønsker å legge til rette for ei konkurransedyktig, berekraftig og ansvarleg reiselivsnæring som skaper aktivitet i heile landet. Eg ser fram til å få ein grundig gjennomgang av utfordringane og moglegheitene for utviklinga av norske reisemål, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Reisemålsutvalet blei oppnemd av regjeringa Solberg i august 2021, og vart vidareført med uendra mandat og samansetning etter regjeringsskiftet hausten 2021.

Målet for arbeidet til utvalet har vore å greie ut handlingsrommet for besøksforvaltning og reisemålsutvikling i norske kommunar. 

Det er utvalsleiar Trine Skei Grande som vil presentere rapporten og tilrådingane frå utvalet.

Tid: torsdag 30. mars 2023 kl 09:00 - 10:00. Husk ID og pressekort.

Stad: Festgalleriet, Oslo rådhus, inngang borggarden

Påmelding: Påmelding innan torsdag kl 07 til pressevakt i NFD media@nfd.dep.no

Strømming:
Overrekkinga blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.