Rekordlåge tal for omdisponering av dyrka jord

Dei endelege tala frå kommunane (KOSTRA) viser at omdisponeringa av dyrka jord var på 2 740 dekar i 2023.

Det vil seie at ein er under det førre jordvernmålet på 3 000 dekar for andre gong, og på det lågaste nivået på femti år.

Det vil òg seie at omdisponeringa har gått mykje ned i frå 2022 (ca. 3 500 dekar), men òg litt frå 2021 (2 970 dekar), året med den lågaste omdisponeringa til no.

– Dette er det lågaste talet for omdisponering av matjord i vår tid. Det viser at politikken verker og at kommunane og tar ansvar. Regjeringa vil fortsette å føre ein streng jordvernpolitikk. Det er ein viktig del av styrkinga av matberedskapen, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

 Samferdsel og bustader stod for den største delen av omdisponeringa i 2023 (32 og 26 prosent).

– Den nedgåande trenden frå 2004, da det første jordvernmålet blei sett, ser ut til å fortsette. Heile 505 dekar dyrka jord blei førte tilbake til landbruksformål, noko som er ny rekord. Det kan likevel bli vanskeleg å nå det nye nasjonale målet på maksimalt 2 000 dekar innan 2030, om ikkje kommunane fører tilbake meir dyrka jord frå byggeformål til landbruksformål i dei kommunale arealplanane. I tillegg vil eg oppfordre alle kommunar til å lage egne jordvernstrategiar, seier Geir Pollestad.

Regjeringa la fram ein ny og oppdatert jordvernstrategi i proposisjonen om jordbruksoppgjeret for 2023. Den oppdaterte jordvernstrategien inneheld nye tiltak og eit forsterka jordvernmål. Ifølgje det vedtekne målet skal den årlege omdisponeringa av dyrka jord vere redusert til 2 000 dekar innan 2030.

Redusert nydyrking

Tillate nydyrka areal har gått veldig mykje ned dei siste fire åra, og er no nede på 9 950 dekar, ifølgje KOSTRA-tala. Det er ein nedgang på nesten 6 000 dekar frå i fjor og om lag 18 500 dekar frå rekordåret 2019 (28 100 dekar). Det klart høgaste talet for 2023 finner vi for Innlandet (3 400 dekar), med Trøndelag som ein god nummer to (1 600 dekar). På dei neste tre plassane følgjer Oslo og Viken (1 100 dekar), Rogaland (900 dekar) og Nordland (800 dekar) (tala er avrunda).​

KOSTRA

KOSTRA (kommune-stat-rapportering) er eit system for rapportering der kommunane legger inn opplysningar om mykje av sin verksemd, mellom anna innanfor landbruksområdet. Oversikten viser foreløpige tal, og dei endelege tala vil føreligge i juni. For omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord, viser KOSTRA-tala kva som årleg er blitt godkjent omdisponert gjennom reguleringsplanar eller omdisponeringsvedtak etter jordlova. KOSTRA-tala viser ikkje kva som faktisk blir omdisponert det enkelte år, sidan det vil kunne gå fleire år frå omdisponeringa blir godkjent til den blir gjennomført. KOSTRA-tala har heller ikkje landbruket sin eigen nedbygging, som har vore nær 2 000 dekar dei siste åra ifølgje berekningar av SSB.