Opptak til høgare utdanning

Rekordmange har fått plass på førstevalet sitt

Årets opptakstal er klare: Det har aldri vært fleire studieplassar i høgare utdanning tilgjengeleg. Fleire enn nokon gong har fått plass på førstevalet sitt.

Statsministeren er nøgd med at så mange har fått tilbod om studieplass:  

– Gratulerer til alle som har fått tilbod om studieplass i dag. Studia er ein milepæl i livet til den enkelte, men det er òg viktig for heile samfunnet. For å løyse utfordringane vi står overfor framover, treng vi både kunnskap og klokskap. Derfor er eg glad for at vi aldri har hatt fleire studieplassar enn det vi har no. Til våre nye studentar vil eg seie: Vi treng kvar og ein av dykk, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Av 126 250 kvalifiserte søkarar, har 109 498 fått tilbod om studieplass, viser tal frå Samordna opptak. Det er ei auke på 4,7 prosent i frå i fjor. 

Populære helseutdanningar

Det er aukande interesse for helse- og sosialfagutdanningane. 20 187 søkarar har fått tilbod om ein studieplass på ei slik utdanning i årets hovudopptak, ein auke på 5,2 prosent frå i fjor. 

Dei siste åra har stadig fleire fått tilbod om plass på ei medisinutdanning. I år er det ein auke på heile 21 prosent som har fått tilbod om ein plass, samanlikna med i fjor. Totalt har over 1200 personar fått høvet til å starte på medisin i år.   

– Sidan 2021 har denne regjeringa prioritert medisinutdanningane høgt. Vi har hatt eit tydeleg mål om å utdanne fleire legar i Noreg, og å særleg styrke utdanningstilbodet i Nord-Noreg, der legemangelen er størst. At vi no får ei tydeleg auke i medisinstudentar er eg veldig glad for, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp). 

Det var over 1000 fleire førstevalssøkarar til sjukepleiarutdanningane i år enn i fjor. 7217 søkarar har fått tilbod om plass på ei sjukepleiarutdanning. 

Men dette er ikkje heile biletet: Dei søkarane som ikkje har vært kvalifisert til no, kan få plass gjennom lokalt opptak ved utdanningsinstitusjonane, som følge av at regjeringa har gjort endringar i karakterkrava. 

Mange søker økonomisk-administrative fag

Dei økonomisk-administrative faga blir stadig meir populære. I underkant av 22 000 søkarar har motteke tilbod om studieplass innan dette utdanningsområdet. Desse faga utgjer nesten 20 prosent av alle søkarane som får tilbod og er med det det største fagområdet. 

–  Ein del av årsaka til at økonomi- og administrasjonsfag er så store, er det høge talet på nett- og samlingsutdanningar - omtrent ein tredel av tilboda innanfor fagområdet er til denne typen utdanningar. Dei som tar slike utdanningar er som regel eldre enn dei som tar campusbaserte utdanningar. Vaksne studentar kombinerer nok oftare jobb og læring der dei bur, medan unge flytter meir på seg, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.  

Auka i IKT-plassar fortsett

Det siste tiåret har det vært ei kraftig auke i studieplassar innan informasjonsteknologi. Sidan 2015 er det nesten vore ei dobling i studieplassar. Auka fortsett i år. Det er også ein auke i studieplassar innan teknologiske fag. 

– Vi treng IKT- og teknologikompetanse for å løyse mange av morgondagens utfordringar. Regjeringa har vært klare på at universiteta og høgskulane må prioritere denne typen utdanningar, og det er det tydeleg at dei gjer, seier Hoel. 

Nedgangen på lærarutdanningane held fram

Det er framleis ein samla nedgang i talet på søkarar som har fått tilbod om studieplass på ei lærarutdanning. I år er det 6,8 prosent færre som har fått tilbod enn i 2023. Nedgangen er særleg stor for grunnskulelærarutdanninga, der det foreløpig er mange ledige plasser.  

Regjeringa har tatt grep for å få fleire sjukepleiarar og lærarar

Då regjeringa la fram nye opptaksreglar for høgare utdanning denne våren, foreslo ho å fjerne dei spesielle karakterkrava for sjukepleiarutdanningane. I tillegg vart det opna for unntak frå reglane for lærarutdanningar etter søknad. Bakgrunnen var at søkinga til lærarutdanningane har gått ned over fleire år, og at det er stor mangel på sjukepleiarar mange stadar i landet.  

Etter at Stortinget ga si tilslutning til dei nye reglane, har det blitt jobba raskt for å få satt endringane ut i livet – Sjukepleiar- og lærarutdanningar rundt i Noreg tilbyr no studieplass til mange søkarar som ikkje har vore kvalifiserte før: 

– Opptakstala stadfestar at det var heilt naudsynt å ta grep. Vi må få inn fleire studentar på våre sjukepleiar- og lærarutdanningar. No blir studieplassar som ville stått tomme fylt opp av motiverte søkarar, og det er eg utruleg glad for. Vi høyrer frå ei rekke universitet og høgskular at pågangen er stor og at dei no sender ut tilbod fortløpande, seier Hoel.  

No er oppmodinga til potensielle studentar klar: 

– Om du er i tvil om du kan komme inn på sjukepleiar- eller lærarutdanning, er det viktig at du sjekkar informasjonen om endra opptakskrav. Mange av dei som ikkje har vore kvalifisert før, på grunn av dei særskilte karakterkrava, vil no være kvalifisert. Men for å komme inn, må studentane no søke til den enkelte institusjon, seier Skule.  

Nokre lærar- og sjukepleiarutdanningar har fått dispensasjon frå enkelte eller alle spesielle opptakskrav i opptaket til ledige studieplassar i juli 2024. 

Les meir på Samordna opptak sine nettsider 

Nøkkeltal

  • Ved hovudopptaket er det registrert 140 957 søkarar. Det er ein auke på 4,6 prosent samanlikna med fjoråret. 
  • 126 250 av søkarane var kvalifisert til minst eitt av studieønska sine. 
  • 109 498 søkarar har fått tilbod om studieplass til universitet og høgskuler i 2024. Dette er ein oppgang på 4,7 prosent frå 2023.
  • Blant dei som har fått tilbod om studieplass i år, har 66 923 kome inn på førstevalet sitt. 
  • 16 752 kvalifiserte søkarar sto utan tilbod om studieplass etter hovudopptaket.  
  • 39 prosent (42 711) av søkarar med tilbod i opptaket i år er menn, og 61 prosent (66 787) er kvinner.
  • Økonomisk-administrative fag er utdanningsområdet med klart flest søkarar med motteke tilbod i 2024 (21 672), tett følgt av helsefag (20 187).
  • Samanlikna med i fjor, er det størst prosentvis auke studieplassar innan informasjonsteknologi, medan det er reiselivsstudiane som har størst nedgang.  
  • Av dei 20 enkeltstudiane med høgast poenggrense i ordinær kvote, er det berre fotojournalistikk ved OsloMet som har høgare poenggrense i år samanlikna med i fjor.  
  • Medisinstudiane ved UiO og NTNU har dei høgaste poenggrensene i ordinær kvote. 

Studium med høgast poenggrense, ordinær kvote

Studium  

Poenggrense  

Medisin UiO, haust 

69,7 

Medisin NTNU

69,4 

Medisin UiO Oslo/Kristiansand, haust  

68,7 

Medisin UiO, vår  

68,4 

Medisin UiO Oslo/Kristiansand, vår 

68,3 

Studium med høgast poenggrense, ordinær kvote (ikkje medrekna medisin)

Studium  

Poenggrense  

Psykologi UiO, haust 

68,1 

Industriell økonomi og teknologileiing NTNU 

68,0 

Psykologi UiO, vår 

67,0 

Psykologi NTNU 

66,5 

Psykologi UiB

66,5