Rekordmykje EU-pengar til norsk forsking

Norske forskarar og bedrifter er på 8. plass av totalt 140 land når det gjeld å hente pengar frå verdas største forskings- og innovasjonsprogram, Horisont Europa. Målt i forskarårsverk er Noreg det landet som har konkurrert seg til mest EU-pengar.

Horisont Europa har eit budsjett på rundt éin billion norske kroner i perioden 2021–2027. Ambisjonen er at norske deltakarar skal hente heim 2,8 prosent av pengane som vert lyste ut. Til no har norske aktørar konkurrert seg til nesten 15 milliardar kroner, eller 3,31 prosent. Noreg ligg med det òg føre dei andre nordiske landa.  

– Europa må styrke konkurransekrafta si, og det hastar. Her spelar forsking og innovasjon nøkkelroller. Då er det godt nytt at Noreg går milliardar i pluss gjennom deltakinga vår i Horisont Europa. Noreg har vorte ein respektert samarbeidspartnar i Europa og det synest –norske aktørar tek i stadig større grad leiarrolla i prosjekta, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

På same tid får søknader med norsk deltaking betydeleg oftare tilslag enn snittet for alle søknadene som er komne inn til Horisont Europa. Det er norske deltakarar i 1 404 godkjende prosjekt. Det er nesten 10 prosent av alle prosjekta som har fått pengar.

Resultata frå dei godkjende prosjekta viser at 71 prosent av midlane Noreg har motteke så langt, er innanfor områda globale utfordringar og konkurransedyktig næringsliv.

– Norsk næringsliv gjer det godt i Horisont Europa, trass i sterk konkurranse. Dette viser kvaliteten på norske prosjekt. Deltakinga gir tilgang til kunnskap og samarbeid med europeiske FoU-miljø, som styrker konkurranseevna og bidreg til verdiskaping her heime, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).

Høgaste del norskleia prosjekt nokon gong

Norske aktørar held fram med å ta leiarrolla i eigne prosjekt. Nesten kvart fjerde samarbeidsprosjekt med norsk deltaking har norsk koordinator. Dette er høgare enn nokon gong før.

Av dei norske aktørane er det framleis SINTEF som gjer det desidert best, medan NTNU og Universitetet i Oslo gjer det best blant universiteta Blant institutta gjer NORCE og IFE – Institutt for energiteknikk det svært godt.

Topp 15 norske aktørar i Horisont Europa

Organisasjonsnavn

Mill. euro

SINTEF

186,3

Coalition for Epidemic Preparedness Innovations

140,0

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

119,1

Universitetet i Oslo

111,6

Universitetet i Bergen

48,9

Noregs forskingsråd

46,9

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

37,7

NORCE Norwegian Research Centre

32,2

Oslo Universitetssjukehus HF

21,2

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)

18,1

Institutt for energiteknikk

14,8

Folkehelseinstituttet

14,0

NILU

13,8

NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi

13,7

Norsk institutt for vannforskning (NIVA)

13,5

Figur som viser retur per land for dei 15 største landa