Rekordstort beløp til utvikling av fagskular
Pressemelding | Dato: 03.04.2024 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa deler ut totalt 76,7 millionar kroner til 18 fagskular over heile landet. Fagskolen Viken og Fagskolen Rogaland får mest pengar.
– Målet er auka kvalitet i undervisninga, betre læring for studentane og at utdanningane skal vere endå meir relevante for arbeidslivet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.
Fagskular tilbyr yrkesretta utdanningar som ofte er tilrettelagde slik at ein kan kombinere utdanninga med jobb. Total får 58 utviklingsprosjekt til saman 76,7 millionar kroner i 2024.
Pengane skal mellom anna gå til å
- utvikle nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivet.
- kjøpe nytt utstyr.
- ta i bruk digital teknologi i læring og undervisning.
- auke kompetansen til lærarar for å sikre undervisning av høg kvalitet.
Mest pengar til helse- og velferdsfag
– Det er eit stort behov for folk med høgare yrkesfagleg utdanning. Vi har auka talet på studieplassar, men like viktig er det å styrke kvaliteten på utdanningane, seier Hoel.
Det er ei god spreiing i fagområde som får støtte, men samla sett er det prosjekt som er retta mot helse- og velferdsfag og tekniske fag som får mest midlar.
21 prosjekt innanfor helse- og velferdsfag får tildelt til saman om lag 27 millionar kroner. Midlane går mellom anna til prosjekt for poliklinisk kirurgisk kompetanse ved AOF Fagskolen, vidareutdanningsmodular for barnepleiarar ved Fagskolen Innlandet og demensomsorg og alderspsykologi ved Fagskolen Møre og Romsdal.
Rekordmange søknader
Aldri før har det vore så mange søknader om utviklingsmidlar i høgare yrkesfagleg utdanning. Det har komme inn 114 søknader frå heile landet.
– Med eit arbeidsliv i omstilling og auka behov for livslang læring, er desse midlane viktige for at fagskulane skal levere utdanningar som svarer på kompetansebehovet i framtida, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Oversikt over fagskular som får utviklingsmidlar i 2024:
Fagskule |
Tal på tildelte prosjekt |
Tildelt beløp |
AOF Fagskolen |
4 |
3 566 763 |
Brann- og redningsfagskolen |
1 |
1 185 000 |
Fagskolen Diakonova AS |
3 |
3 545 579 |
Fagskolen Get Academy |
1 |
1 320 000 |
Fagskolen i Agder |
5 |
8 470 248 |
Fagskolen i Finnmark |
2 |
1 527 890 |
Fagskolen i Nord |
2 |
4 104 153 |
Fagskolen i Viken |
8 |
11 062 199 |
Fagskolen Innlandet |
7 |
5 754 096 |
Fagskolen Kristiania |
5 |
8 870 060 |
Fagskolen Møre og Romsdal |
2 |
3 200 000 |
Fagskolen Oslo |
1 |
1 372 960 |
Fagskolen Rogaland |
3 |
9 668 021 |
Fagskolen Vestfold og Telemark |
3 |
2 526 192 |
Fagskulen Vestland |
6 |
6 350 000 |
Gokstad Akademiet |
1 |
641 530 |
Nordland fagskole |
2 |
736 700 |
Norsk hestesenter |
2 |
2 772 820 |
58 |
76 674 211 |