Restauksjon av løyve til lakseoppdrett
Pressemelding | Dato: 21.09.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
I byrjinga av oktober vil det være mogeleg å by på restkapasitet til lakseoppdrett. Då vil useld kapasitet frå auksjonen i fjor, tilbys på nytt.
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsette forskrifta om sal av restkapasitet gjennom auksjon. Den opnar måndag 2. oktober, og varer til utgangen av torsdag 5. oktober.
– Å selje restkapasiteten frå auksjonen i 2022 gjennom auksjon vil hjelpe til å nå målet til regjeringa om vekst i havbruksnæringa innanfor kontrollerte og berekraftige rammar. I tillegg vil inntektene frå auksjonen kome havbrukskommunane og lokalsamfunn langs kysten til gode, og vi tar sikte på å få gjennomført utbetalinga i løpet av året, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Fiskeridirektoratet vil stå for den praktiske gjennomføringa av auksjonen. Registrerings- og budgivingsskjema vil publiserast på nettsidene til direktoratet i god tid før auksjonen.
Totalt 8 243 tonn maksimal tillat biomasse (MTB), fordelt over fem produksjonsområde, vil vere tilgjengeleg for sal. Nærings- og fiskeridepartementet har bestemt følgande minsteprisar for auksjonen:
Produksjonsområde |
Tilgjengeleg kapasitet (tonn MTB) |
Minstepris (kr. per tonn) |
1 - Svenskegrensa til Jæren |
1 249 |
100 000 |
8 - Helgeland til Bodø |
603 |
130 000 |
11 - Kvaløya til Loppa |
148 |
120 000 |
12 - Vest-Finnmark |
5 172 |
100 000 |
13 - Øst-Finnmark |
1 071 |
100 000 |
Totalt |
8 243 |
Tabell 1: Produksjonskapasiteten som skal tilbys på auksjon
Auksjonen vil utformast som ei lukka bodrunde. Dette inneber at bodgivarar ikkje treng å aktivt delta gjennom heile auksjonen si varigheit, men kan nytte heile auksjonen si opningstid til å førebu og leggje inn bod.
Bodgivarar vil ha moglegheit til å leggje inn fleire bod per produksjonsområde, med ulike spesifikasjonar av mengd og pris. Bodgivere kan også stadfeste kvarvidt dei er villig til å godta ei avkorting av boda sine, altså at dei tildelast mindre kapasitet enn omsøkt. Lovnad om avkorta kapasitet vil berre vere aktuelt for bod som elles ikkje ville vunne kapasitet. Som drøft i høyringsforslaget vil det nyttast andrepris for å fastsetje vederlag.
Fiskeridirektoratet vil vere tilgjengeleg både før og under auksjonen for eventuelle spørsmål om regelverket eller den praktiske gjennomføringa.