Reviderte vilkår for reguleringa av Uvdalsvassdraget
Pressemelding | Dato: 17.02.2023 | Energidepartementet
Det er i statsråd i dag fastsett reviderte konsesjonsvilkår for reguleringa av Uvdalsvassdraget i Nore og Uvdal kommune. Hovudmålet med endringane er å betre miljøtilstanden i det regulerte vassdraget.
Miljøtilstanden blir betra ved pålegg om minstevassføring, samtidig som dei opphavlege konsesjonsvilkåra blir oppgraderte til dagens standard.
— Sidan den regulerbare krafta er svært verdifull og av nasjonal verdi er det viktig å prioritere krafttap der det gir reelle miljøforbetringar av nasjonal og regional verdi. I Uvdalsvassdraget foreslår me å påleggje minstevassføring i Jønndalsåe av omsyn til fiske og friluftsliv. Me innfører ikkje magasinrestriksjonar sidan Sønstevatn er eit viktig magasin som gir samfunnet verdifull regulerbar kraftproduksjon, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Reguleringane i Uvdalsvassdraget blir utnytta i kraftverka Uvdal I og II og er svært verdifulle for kraftsystemet sidan dei bidreg med om lag 460 gigawattimar (GWh) i årleg kraftproduksjon. Det er store fiske- og friluftsinteresser i området, og både kommunen og brukarinteresser har fremja krav om minstevassføring og sommarvasstand i magasinet Sønstevatn.
I Jønndalsåe blir det fastsett krav til minstevassføring av omsyn til landskap, friluftsliv og fisk. Dagens vedtak vil gi ein betre miljøtilstand i eit regulert vassdrag, samtidig som tapet av verdifull, regulerbar kraftproduksjon blir avgrensa. Dei vedtekne endringane vil gi eit samla årleg krafttap på om lag 3 GWh.
Skagerak Kraft AS blir pålagd å bidra med 1,7 millionar kroner til eit villreinfond, ettersom reguleringa har ført til negative konsekvensar for villreinbestanden. Det blir også innført eit fond for fisk, vilt og friluftsliv på 50 000 kroner i året.
I åra framover skal fleire regulerte vassdrag opnast for revisjon. Pålegg om minstevassføring og magasinrestriksjonar vil bli fastsett i dei sakene der det vil gi størst miljøgevinst. Kostnaden i form av redusert, regulerbar kraftproduksjon, vil vere eit viktig omsyn i desse prosessane.
Lenke til Kongelig Resolusjon: Reviderte vilkår for tillatelser for reguleringen av Uvdalsvassdraget i Nore og Uvdal kommune