Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding
Stortinget, 2. oktober 2010
Tale/innlegg | Dato: 02.10.2010 | Statsministerens kontor
Vi HARALD, Noregs Konge,
s t a d f e s t e r:
I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.
Etter at den internasjonale finanskrisa førte til det verste konjunkturtilbakeslaget sidan andre verdskrigen, har situasjonen i verdsøkonomien betra seg det siste året. Krisa er likevel langt frå over. I fleire land har arbeidsløysa blitt svært høg. I dei fleste tradisjonelle industriland har dessutan kombinasjonen av konjunkturmessig nedgang i skatteinntektene og aktiv motkonjunkturpolitikk gitt ein kraftig oppgang i budsjettunderskotta og aukande statsgjeld.
Den internasjonale finanskrisa har vist kor sårbare bankane er for uro i penge- og kapitalmarknadene, at tillitssvikt i bankmarknaden kan spreie seg raskt og at problem i banksektoren kan ha svært negative konsekvensar for samfunnsøkonomien generelt.
Norske styresmakter var raskt ute med omfattande tiltak for å motverke utslaga av den internasjonale finanskrisa i Noreg. Noreg har også klart seg betre gjennom finanskrisa enn dei fleste andre land. Både nedgangen i produksjonen og oppgangen i arbeidsløysa har vore relativt liten i internasjonal samanheng. Medan BNP hos handelspartnarane våre fall med over 3 pst. frå 2008 til 2009, var nedgangen i BNP for Fastlands-Noreg på 1,4 pst.
Norske bankar og andre finansinstitusjonar har komme betre ut av finanskrisa enn tilsvarande institusjonar i andre land. Dette skuldast blant anna ein etter måten god makroøkonomisk situasjon i Noreg, og at norske finansinstitusjonar på viktige område er underlagt god regulering og godt tilsyn.
Den økonomiske politikken til Regjeringa er basert på retningslinjer for ei gradvis og forsvarleg innfasing av petroleumsinntekter i norsk økonomi. Den økonomiske politikken skal samtidig bidra til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing og slik sikre den langsiktige finansieringa av velferdsstaten.
Etter å ha sett ned styringsrenta med 4,5 prosentpoeng i kjølvatnet av den internasjonale finanskrisa, har Noregs Bank sidan oktober i fjor sett opp styringsrenta med 0,75 prosentpoeng, til 2 pst.
Medan kronekursen styrkte seg noko frå oktober i fjor til april i år, har ny uro i finansmarknadene medverka til at krona har svekt seg noko tidleg på sommaren. Krona er no om lag på same nivå som i oktober i fjor.
2,6 pst. av arbeidsstyrken var arbeidsledige i 2008 og 3,2 pst. i 2009. I 2. kvartal i år hadde prosentdelen stige til 3,6 pst. når det er korrigert for normale sesongvariasjonar. Noreg er framleis blant dei OECD-landa som har høgast yrkesdeltaking og lågast arbeidsløyse.
For å dempe verknadene av den auka arbeidsløysa er Arbeids- og velferdsetaten styrkt og omfanget av arbeidsmarknadstiltak auka. Samla gjennomsnittleg tiltaksnivå for arbeidssøkjarar med moderat bistandsbehov og personar med nedsett arbeidsevne var 70 700 i 2009. I første halvår 2010 var tiltaksnivået 83 600.
For perioden 2005 til 2010 har dei samla inntektene i kommunesektoren auka med vel 40 mrd. kroner. I første halvår 2010 var det sysselsett 517 000 personar i kommuneforvaltninga, som er om lag 70 000 fleire enn i første halvår 2005.
Regjeringa legg stor vekt på å fremje ei berekraftig økonomisk og sosial utvikling. Hovudutfordringane for ei slik utvikling er internasjonal fattigdom, reduksjon i det biologiske mangfaldet, menneskeskapte klimaendringar og spreiing av miljøgifter.
Noreg er ein pådrivar i den globale kampen mot fattigdom. I 2009 blei målet om at norsk bistand skal utgjere over 1 pst. av bruttonasjonalinntekta nådd, og bistanden aukar vidare i 2010. Handel med fattige land er også svært viktig for å gjere det mogleg for utviklingslanda å vekse seg ut av fattigdommen. Det internasjonale tilbakeslaget bidrog til at importen frå utviklingsland likevel for første gong på fleire år fall i 2009, med 4,6 pst.
Noreg har vore ein pådrivar for å få til ei global bindande klimaavtale som skal setje ei grense på 2°C for veksten i den globale middeltemperaturen i forhold til førindustrielt nivå.
Klimaforhandlingane i København i fjor resulterte i ei politisk avtale om å avgrense menneskeskapte klimaendringar. Avtala representerer også eit gjennombrott for styrkt finansiering av klimatiltak i u-land.
Utsleppa av klimagassar i Noreg gjekk ned med om lag 5,4 pst. i 2009. Dette er andre året på rad at utsleppa av klimagassar går ned.
Nordområdespørsmål har også i år vore ei utanrikspolitisk hovudprioritering for Regjeringa. Det er sett ned eit nytt og breitt samansett nordområdeutval som skal komme med innspel til nordområdepolitikken, og det siste året har det vore ei god utvikling i forholdet til Russland.
Under president Medvedjevs statsbesøk til Noreg i april blei ein viktig milepæl nådd gjennom forhandlingsløysinga om avgrensinga i Barentshavet og Polhavet. Den historiske avtala vil skape klarleik, stabilitet og føreseielege forhold når det gjeld maktutøving, kontroll og råderett over ressursane i det aktuelle området og leggje til rette for endå meir samarbeid i nord. Avtala blei underteikna i Murmansk 15. september i år, og det blir arbeidd med sikte på at Stortinget og den russiske Dumaen innan kort tid skal godkjenne ho.
Afghanistan er framleis det viktigaste innsatsområdet for norsk militær og sivil deltaking i internasjonale operasjonar. Norske soldatar gjer ein viktig innsats og Regjeringa har vidareført den militære innsatsen på høgt nivå.
Regjeringa legg stor vekt på NATO som det sentrale transatlantiske forum for tryggings- og forsvarsspørsmål.
Regjeringa har vidareført arbeidet med å modernisere Forsvaret i tråd med langtidsplanen for 2009–2012. Det sentrale målet er å etablere ein meir varig balanse mellom oppgåver, ressurstilgang og organisasjon i Forsvaret i denne perioden. Arbeidet med å nå dette målet er godt i rute.
Gjennom å følgje opp Nasjonal transportplan 2010–2019 har Regjeringa også i 2010 satsa på veg og jernbane både når det gjeld investeringar og drift og vedlikehald. Rassikring er eit viktig tiltak for å skape eit sikrare transportsystem, særleg på Vestlandet og i Nord-Noreg. I 2010 blei løyvinga som gjeld tiltak både på riks- og fylkesvegnettet, nesten dobla.
Det har skjedd ei betydeleg økonomisk satsing på helsetenesta det siste året og fleire får behandling. Dei regionale helseføretaka har samla sett gått i balanse i 2009.
Budsjettet til politiet er i 2010 styrkt med 1,3 mrd. kroner. Det er den største auken i politibudsjettet gjennom tidene.
Den regionale befolkningsutviklinga i Noreg er positiv. I første halvår 2010 viser tal frå SSB ein auke i folketalet i 95 av dei 177 mest perifere kommunane i Noreg. Det er 12 fleire enn i same perioden i fjor. Regjeringa vil halde fram med ein målretta innsats for å auke tilflyttinga i distriktsområda.
Ny byggjesaksdel i plan- og bygningslova tok til å gjelde 1. juli 2010. Det nye regelverket vil bl.a. gi fleire miljøvennlege og energieffektive byggverk og leggje til rette for universell utforming av bygningar og uteområde.
Regjeringa har sett ned eit utval som skal gjennomgå trus- og livssynspolitikken. Utvalet skal komme med framlegg til endringar som kan bidra til å skape ein meir heilskapleg trus- og livssynspolitikk.
Regjeringa har frå skolestart 2010 innført 8 timar gratis leksehjelp for elevar på 1.–4. årstrinn for at alle skal stille mest mogleg likt uavhengig av sosial bakgrunn, og for å styrkje den tidlege innsatsen som også kan gi langsiktig effekt seinare i skoleløpet.
Regjeringa har vedteke å bruke 50 mill. kroner i 2010 på å fremje samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon blant høgskolar og universitet. Målet er betre kvalitet i forsking og utdanning gjennom sterkare fagmiljø.
Enova er det viktigaste verktøyet Regjeringa har når det gjeld energiomlegging, og ein er på god veg til å nå målet om 18 TWh kvart år i kontraktfesta ny miljøvennleg energiproduksjon og energisparing i 2011. Samla kontraktfesta resultat for perioden 2001–2009 er om lag 13,8 TWh, og av dette er 3,1 TWh inngått i 2009.
Regjeringa har fått på plass dei sentrale prinsippa for ein felles elsertifikatmarknad med Sverige. I overeinskomsten av 7. september 2009 inngår ambisjonsnivå, tidspunkt for når ordninga tek til å gjelde og teknologinøytralitet. Overeinskomsten gir eit godt utgangspunkt for ein dialog om korleis ein felles marknad bør utformast. Ein tek sikte på oppstart frå 1. januar 2012.
***
Konsumprisindeksen auka med 2,1 pst. frå 2008 til 2009, medan veksten justert for avgiftsendringar og utan energivarer var på 2,6 pst. I første halvår 2010 var tilsvarande prisvekst frå den same perioden i fjor på 2,7 og 1,8 pst.
Etter fleire år med sterk vekst gjekk sysselsetjinga ned med 10 000 personar frå 2008 til 2009, ein nedgang på 0,4 pst. Tala frå nasjonalrekneskapen fram til og med 2. kvartal 2010 kan tyde på at nedgangen er i ferd med å stoppa opp.
Oljeprisen auka frå om lag 275 kroner per fat ved inngangen til 2009 til om lag 450 kroner per fat ved årsskiftet. Oljeprisen har auka noko hittil i år og har etter sommaren lege i området 460 til 480 kroner per fat.
Noregs bruttonasjonalinntekt var i 2009 på 2 412 mrd. kroner. Nominelt er det ein nedgang på 5,4 pst. frå året før.
Driftsbalansen overfor utlandet viste eit overskott på 337,4 mrd. kroner i 2009. Det er 135,4 mrd. kroner mindre enn året før.
Tal for utanrikshandelen for første halvår 2010 viser at eksport- og importverdien for tradisjonelle varer kvar for seg var 11 og 4 pst. høgare enn i same perioden i fjor.
Revisjonen i mai av statsbudsjettet for 2010 innebar ein bruk av petroleumsinntekter på 131,5 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskottet. Det er 17 mrd. kroner mindre enn ein rekna med i Nasjonalbudsjettet 2010, men 25,8 mrd. kroner over den venta avkastninga av Statens pensjonsfond utland.
Regjeringa arbeider for målet om ei verd fri for atomvåpen. Noreg bidrog til at tilsynskonferansen for Avtala om ikkje-spreiing av atomvåpen (NPT) samla seg om eit handlingsprogram som stadfester målet om ei verd utan atomvåpen gjennom konkrete tiltak som gjeld nedrusting og ikkje-spreiing. Samtidig arbeider Noreg målretta for at NATOs nye strategiske konsept skal leggje mindre vekt på atomvåpen i tryggingspolitikken til alliansen.
Arbeidet for humanitær nedrusting er ført vidare. Konvensjonen som forbyr klaseammunisjon, som Noreg tok initiativet til, tok til å gjelde 1. august i år.
Regjeringa har i året som har gått, arbeidd for å gjere FN meir effektivt, både som arena for internasjonalt samarbeid og som aktør for fred og utvikling. Noreg har bidrege med eit feltsjukehus og eit brønnborelag til FN-operasjonen i Tsjad og Den sentralafrikanske republikk i tillegg til at vi stiller med militærobservatørar og stabsoffiserar i ei rekkje FN-leidde fredsoperasjonar. Vi har oppnådd auka internasjonal innsats for tusenårsmåla om redusert barnedød og betra mødrehelse. Noreg har også bidrege til at FNs arbeid for kvinner og likestilling blir styrkt gjennom å opprette ei ny, sentral likestillingseining i FN.
Gjennom medlemskapen vår i Menneskerettsrådet i FN 2009–2012 arbeider Noreg for å styrkje menneskerettane og truverdet og effektiviteten til rådet.
Regjeringa har sett ned eit forskingsbasert, uavhengig utval som skal gå grundig igjennom erfaringane med EØS-avtala og det andre samarbeidet vårt med EU. Ambisjonen er at ein slik gjennomgang skal bidra til å etablere eit felles kunnskapsgrunnlag for den europapolitiske debatten.
Gjennom EØS-midlane har Noreg stått for omfattande bidrag til sosial og økonomisk utjamning i Europa. Noreg og EU er no samde om rammene for EØS-midlane i perioden 2009–2014.
Regjeringa har sett i verk ei rad tiltak for å styrkje rettane, betre tilbodet til og auke anerkjenninga av veteranane i Forsvaret, blant anna når det gjeld erstatningsvernet og den helsemessige oppfølginga av dei. Regjeringa har også teke opp att tildeling av Krigskorset med sverd – vår høgast rangerte dekorasjon.
Regjeringa har aktivt støtta den positive utviklinga innan nordisk forsvarssamarbeid for å bidra til auka kostnadseffektivitet og operativ effekt.
Sesjonsplikt for kvinner er i 2010 blitt innført for kvinner som er fødde i 1992 og seinare. Dette er ein viktig del av det arbeidet Regjeringa driv for å rekruttere fleire kvinner til Forsvaret.
Arbeids- og velferdsetaten har sidan han blei oppretta i 2006 vore gjennom ei krevjande reformperiode med bl.a. NAV-reforma, pensjonsreforma og utskiljing av helserefusjonar til helseforvaltninga. Reformoppgåvene er i all hovudsak blitt gjennomførte i samsvar med planen.
Den organisatoriske delen av NAV-reforma er no i all hovudsak på plass, dvs. at det er etablert NAV-kontor i så å seie alle kommunane i landet.
Arbeidet i samband med reformene i Arbeids- og velferdsetaten har ført til press på den daglege drifta i organisasjonen. For å auke saksbehandlingskapasiteten er driftsløyvinga til etaten styrkt både i 2009 og 2010. I tillegg er det sett i verk ei rekkje målretta organisatoriske tiltak. Det har medført ein gradvis reduksjon i saksbehandlingstidene.
Ved revisjonen av rekneskapen for 2008 blei det avdekt at Arbeids- og velferdsetaten har store utfordringar med å sikre rett yting til den enkelte mottakaren og at etaten ikkje fullt ut har etterlevd eigne kontrollrutinar for ytingsforvaltninga. For å sikre at det ikkje blir gjort vesentlege feil knytt til vedtak, utmåling og utbetalinga av ytingar, er det utarbeidd ein kontrollstrategi for perioden 2009–2015 og ein handlingsplan for internkontroll for 2010–2011.
På bakgrunn av bl.a. rapporten frå Riksrevisjonen om revisjon av Arbeids- og velferdsetaten for budsjettåret 2008 og høyringa i kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget 15. januar 2010 sette Arbeidsdepartementet ned ei ekspertgruppe som skulle sjå nærare på arbeidsdelinga og samhandlinga mellom NAV-kontora og forvaltningseiningane. Ekspertgruppa la fram sluttrapport med vurderingar 24. juni 2010. Gruppa konkluderte med at det ikkje er grunnlag for å gjere store endringar i arbeidsdelinga mellom dei to einingane utover visse justeringar og forenklingar i behandlinga av uførepensjonssaker, sjukepengar og barnebidrag.
Frå 1. mars 2010 blei rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad erstatta av ei ny trygdeyting, arbeidsavklaringspengar.
Regjeringa og partane i arbeidslivet blei 24. februar 2010 samde om ei ny IA-avtale som gjeld fram til 31. desember 2013. I samband med den nye avtala blei Regjeringa og partane i arbeidslivet samde om fleire tiltak som skal sikre raskare og betre oppfølging av sjukmelde.
Det totale sjukefråværet i 1. kvartal 2010 er på 7,0 pst. av alle avtalte dagsverk i kvartalet. Det er ein reduksjon på 8,9 pst. frå 1. kvartal 2009. Sjukefråværet er redusert med 7,9 pst. i forhold til nivået i 2001, medan målsetjinga i IA-avtala er 20 pst.
Regjeringa har i 2010 ført vidare og trappa opp den særlege innsatsen for å førebyggje og få bukt med fattigdom. Kvalifiseringsprogrammet er frå 1. januar 2010 gjort landsomfattande. Per 31. mai 2010 deltok nærare 9 000 personar i kvalifiseringsprogrammet.
Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga tok til å gjelde 1. januar 2010. Lova regulerer dei sosiale tenestene som obligatorisk skal vere organiserte i NAV-kontoret.
Dei fleste tiltaka i dei to handlingsplanane mot sosial dumping frå 2006 og 2008 er gjennomførte. Medan handlingsplan 1 først og fremst retta seg mot byggje- og anleggsbransjen, er tiltaka i handlingsplan 2 også retta mot andre bransjar med mange arbeidsinnvandrarar og utfordringar med sosial dumping, bl.a. hotell og restaurant, reinhald og landbruk. Regjeringa har vedteke å utvide ordninga med regionale verneombod til også å gjelde reinhaldsbransjen og hotell- og restaurantbransjen. Ein tek sikte på at ordninga skal tre i kraft 1. januar 2011. Regjeringa har også hatt på høyring eit framlegg om å utvide ordninga med id-kort til reinhaldsbransjen.
Frå 1. juli 2010 må arbeidsgivar drøfte bruken av midlertidige tilsetjingar i verksemda med dei tillitsvalde minst ein gong i året. Dessutan skal arbeidstakarar som har vore midlertidig tilsette samanhengande i meir enn fire år, reknast som fast tilsette.
Innstillinga frå Medvirknings- og medbestemmelsesutvalget, NOU 2010: 1 Medvirkning og medbestemmelse i arbeidslivet, blei levert 18. mars 2010. I innstillinga blir det blant anna foreslått å vidareutvikle og forbetre dei ordningane som alt finst. Innstillinga har vore på allmenn høyring.
Lønnsoppgjera i 2010 var hovudoppgjer i dei fleste tariffområda. Oppgjera i privat sektor blei gjennomførte ved forbundsvise forhandlingar. Partane blei i dei fleste oppgjera einige gjennom forhandlingar og ordinær mekling. I enkelte område har det vore arbeidskonfliktar før partane blei samde. Konflikten mellom Spekter og YS i oppgjeret i helseføretaka blei løyst ved tvungen lønnsnemnd. Likelønn mellom kvinner og menn var eit viktig tema i lønnsoppgjera. I statsoppgjeret blei det avtalt klare likelønnsføringar både på det generelle tillegget og dei andre elementa i oppgjeret.
Staten blei einig med partane i trygdedrøftingane om regulering av grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2010. Det ordinære særtillegget i folketrygda er auka til to gonger grunnbeløpet frå 1. mai 2010. Dette var ei oppfølging av trygdeoppgjeret i 2008.
Regjeringa har lagt fram ein proposisjon for Stortinget om oppfølging av avtala om tenestepensjon og AFP i offentleg sektor. Dei viktigaste framlegga er nødvendige endringar i regelverket for tenestepensjon og AFP i offentleg sektor som følgje av avtala frå tariffoppgjeret 2009 i offentleg sektor om vidareføring av dagens reglar for tenestepensjon og AFP.
Regjeringa har lagt fram ein proposisjon for Stortinget om endringar i folketrygda om tilpassingar i reglane for alderspensjon til mottakarar av dagens uførepensjon.
Regjeringa har lagt fram ein proposisjon for Stortinget om endringar i folketrygda vedrørande medlemskap under fengselsopphald m.m. Det blir slått fast at vilkåra for medlemskap i trygda ikkje blir sett på som oppfylte under fridomstap på grunn av straffbare forhold eller mistanke om det.
I 2009 auka inntektene i kommunesektoren med 11,4 mrd. kroner. Det blei 7 200 fleire årsverk i sektoren, noko som har medverka til at utbygginga av tenestetilbodet har halde fram. Den økonomiske balansen i kommunesektoren er også betra. Regjeringa har lagt fram eit nytt inntektssystem for kommunane som skal sikre ei jamnare og meir rettferdig fordeling av inntektene mellom kommunane.
Regjeringa har i en proposisjon til Stortinget foreslått å endre reglane i kommunelova om offentlege møte. Føremålet er å leggje til rette for endå meir opne og gjennomsiktige prosessar i kommunane.
Regjeringa har følgt opp meldinga til Stortinget om distrikts- og regionalpolitikken ved bl.a. å styrkje kapasiteten i kommunane til å drive lokalt utviklingsarbeid og dermed stimulere til auka vekstkraft i kommunar og lokalsamfunn. Regjeringa sette i januar ned eit utval som skal foreslå tiltak som kan bidra til å spreie kompetansearbeidsplassar og statlege arbeidsplassar over heile landet.
Regjeringa har vedteke skjerpa byggtekniske krav frå 1. juli 2010. Innføring av nye og strengare krav har samanheng med målet om å redusere bruken av fossilt brensel til oppvarming og å fremje universell utforming av det bygde miljøet.
Regjeringa har lagt fram ein proposisjon med forslag om endringar i burettslagslova og andre lover for å hegne om burettslagsmodellen. Det blir blant anna forbod mot å etablere nye låginnskottsbustader og mot spekulasjonskjøp.
Forvaltningsreforma blei gjennomført 1. januar 2010. Fylkeskommunane og Oslo kommune har med dette fått ansvar for ei rekkje nye oppgåver og funksjonar, blant anna knytt til verdiskaping og etablering av arbeidsplassar, folkehelse og samferdsel. Gjennom reforma med tilhøyrande overføring av midlar frå staten vil fylkeskommunane bli betre i stand til å gjere meir heilskaplege prioriteringar mellom ulike regionalpolitiske verkemiddel, og dei vil få styrkt rolla si som regionalpolitisk utviklingsaktør.
Ved forvaltningsreforma blei ansvaret for det vesentlegaste av andre riksvegar og andre riksvegferjesamband overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunane.
Jernbanenettet har det siste året – trass i auka løyvingar – vore prega av store utfordringar og gjennomgåande låg driftsstabilitet, særleg sist vinter. Regjeringa har sett i gang eit omfattande arbeid med vedlikehald, fornying og modernisering av jernbanenettet. Samferdselsdepartementet har i 2010 sett i gang fleire store utgreiingsarbeid om det framtidige jernbanenettet, bl.a. knytt til modernisering av InterCity-området, langsiktig behov for auka jernbanekapasitet i Oslo-området og vidare utgreiing av høghastigheitsbanar i Noreg.
I 2009 var talet på omkomne i vegtrafikken det lågaste på over 50 år. 212 personar omkom, 43 færre enn året før. Den langsiktige trenden viser ein betydeleg reduksjon, særleg for dei alvorlege ulykkene.
Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at auken i talet på kollektivpassasjerar held fram frå 2008 til 2009. Det meste av auken er i byområda.
Vulkanutbrottet på Island våren 2010 og oskeskya det medførte, gjorde at bl.a. luftrommet over heile Noreg blei stengt. Regjeringa har sett i gang eit arbeid for å vurdere erfaringane frå krisa.
Ei ny ordning med momskompensasjon for frivillige organisasjonar tok til å gjelde i 2010.
Ordninga med kulturkort for ungdom er utvida til å omfatte 10 fylke. Formålet med ordninga er å få ungdom til å bruke kulturtilboda meir, og å rekruttere nytt publikum.
Det er lagt fram ei melding til Stortinget om omorganisering av ABM-utvikling. Framlegget inneber at ansvaret for alle bibliotekoppgåver blir lagde til Nasjonalbiblioteket. I meldinga blir det vidare foreslått at ansvaret for arkiv- og museumsoppgåvene blir lagde til Norsk kulturråd.
Det er for 2010 fordelt totalt 1 558,4 mill. kroner frå overskottet i Norsk Tipping AS til idrettsformål.
Det er i 2010 innført ei ny rammestyrt ordning for kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Stortinget vedtok i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010 å løyve 50 mill. kroner for ordninga dette året.
For å betre kvaliteten i barnehagane er det sett i verk tiltak for å heve kompetansen for dei tilsette i barnehagane. Satsinga på å rekruttere fleire pedagogar til barnehagane er vidareført og det auka talet på studieplassar i forskolelærarutdanninga blir halde oppe.
Regjeringa oppnemnde i juni 2010 eit offentleg utval som skal gjennomgå og vurdere behovet for endringar i barnehagelova med forskrifter. Det skal bidra til at regelverket er godt nok tilpassa barnehagesektoren i framtida og sikre eit tilbod med høg kvalitet.
I meldinga til Stortinget Tid til læring – oppfølging av Tidsbrukutvalgets rapport, følgjer Regjeringa opp alle tilrådingar for å sikre at lærarane får frigjort tid til kjerneoppgåvene.
Regjeringa har sett i gang ei rekkje tiltak for å betre læringsmiljøet og få slutt på mobbing. Gjennom eit nytt rettleiingsmateriell får skolane tilbod om nyttige reiskapar i dette viktige arbeidet.
Regjeringa ønskjer gjennom Kulturløftet II å bidra til at langt fleire barn og ungdom kan få tilgang til eit godt fungerande kulturskoletilbod. Kulturskoleutvalet vil sjå nærare på kvalitet og pris på aktivitetane og kor tilgjengelege dei er.
Realfag for framtida, strategi for styrking av realfag og teknologi 2010–2014, blei lagd fram i vår og den skal auke interessa for realfag og teknologi og styrkje rekruttering og gjennomføring på alle nivå.
For å skape eit ungdomstrinn som kan bidra til betre motivasjon for fleire, er det sett i gang eit prosjekt med eit nytt og meir praktisk fag (arbeidslivsfag) på ungdomstrinnet. Faget er eit alternativ til val av 2. framandspråk og norsk (samisk)/engelsk fordjuping. Det er sett i gang eit systematisk samarbeid mellom nasjonale utdanningsstyresmakter og fylkeskommunane for å betre gjennomføringa av vidaregåande opplæring.
Frå hausten 2010 blir det to nye grunnskolelærarutdanningar, éin retta mot 1.–7. årstrinn og éin mot 5.–10. årstrinn. Rekrutteringskampanjen GNIST har for andre året på rad gitt svært gode resultat og søkninga til lærarutdanninga har auka med 47 pst. sidan 2008.
I 2009 gav Regjeringa støtte til bygging av om lag 1 600 studentbustader. For 2010 er det førebels gitt støtte til om lag 1000 studentbustader, noko som er målet til Regjeringa.
Regjeringa investerer 60 mill. kroner i ein undersjøisk fiberoptisk kabel mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund. Det vil bidra til å utvikle forskinga på Svalbard.
Regjeringa har ved å øyremerkje delar av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping etablert ein finansieringsmekanisme som sikrar ei stabil årleg løyving til forskingsinfrastruktur.
Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval, Fagerbergutvalet, som skal drøfte samanhengen mellom mål, ressursar og resultat for offentleg finansiert forsking og gi råd med sikte på å forbetre systemet. Utvalet skal levere innstilling innan 1. mai 2011.
Det er oppretta fagleg støtteteneste (knutepunkt) for miljøbevisste innkjøp og miljøleiing i alle fylke. Knutepunkta skal hjelpe offentlege verksemder med å gjennomføre handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar ved offentlege innkjøp.
Som eit ledd i arbeidet med å redusere utsleppa av klimagassar har Miljøverndepartementet og Norsk Industri inngått ei avtale om kjøp av energi- og klimaeffektivt utstyr i industrien.
Miljøverndepartementet har inngått avtale med drivstoffbransjen om utvida rapportering når det gjeld biodrivstoff. Avtala sikrar dokumentasjon av kor biodrivstoffet kjem frå (sporbarheit) og kva råstoff det er produsert av. Det vil gi oss viktig kunnskap om klimagevinsten ved bruk av biodrivstoff.
Noreg har vore ein pådrivar for ei avtale om eit globalt klima- og skogpartnarskap mellom meir enn 55 land i Oslo i mai 2010. Dette markerer starten på ein global dugnad for å redde dei tropiske skogane som er att i verda.
Vi har samtidig innleidd eit langsiktig samarbeid for å hjelpe Indonesia med å redusere klimagassutslepp frå avskoging, skogforringing og øydelegging av torvmyr. Saman med Brasil, som vi innleidde samarbeid med i 2009, står Indonesia for halvparten av dei globale CO2-utsleppa frå skogøydeleggingar.
Regjeringa har teke fleire viktige steg for å styrkje forsking og infrastruktur for å oppnå den beste forvaltninga av miljø og naturressursar i nord. Nordområdesenter for klima og miljøforsking i Tromsø, Fram, blei opna i september.
I budsjettet for 2010 ligg det 20 mill. kroner til etablering av eit klimaforskingssenter i Bergen. Målet er at det nye senteret skal utvikle ein framskoten posisjon i internasjonal klimaforsking og blant anna kunne bidra vesentleg til arbeidet i FNs klimapanel.
Det er global semje om å opprette eit kunnskapspanel for naturmangfald (naturpanel) etter modell av klimapanelet.
Per august 2010 er 51 653 km2, eller om lag 26 pst. av Fastlands-Noreg, verna etter naturvernlova/naturmangfaldlova. Sidan hausten 2009 er det verna 85 område på til saman 1 200 km2, her medrekna Sjunkhatten i Nordland.
Noreg har spelt ei aktiv rolle i arbeidet i UNESCO med verdsarvkonvensjonen. Røros fekk utvida sitt verdsarvområde ved at også delar av områda rundt Røros no er gitt verdsarvstatus.
Innføring av nøkkelholsmerking av matvarer er gjennomført.
Regjeringa har oppnemnt eit utval om utstøyting og sjukefråvær i helse- og omsorgssektoren.
Ei ny folkehelselov for fylkeskommunen har teke til å gjelde.
Det er lagt fram ein nasjonal strategi for førebygging av ulykker med personskadar.
Det er sett i verk ei toårig prøveordning med ei utrykningsgruppe i Statens helsetilsyn som skal sikre betre og raskare oppfølging av alvorlege hendingar i spesialisthelsetenesta. Helseføretaka er pålagde varslingsplikt direkte til Statens helsetilsyn straks hendinga har skjedd.
Det er sett i verk ei omfattande evaluering av korleis styresmaktene handterte influensapandemien som ramma Noreg vinteren 2009–2010. Evalueringa vil danne grunnlaget for arbeidet med ein ny nasjonal pandemiplan.
Det er vedteke å etablere eit nasjonalt hjarte-karregister.
Som følgje av vulkanutbrotet på Island har helsestyresmaktene og helsetenesta gjennomført tiltak for å kompensere for mangel på luftambulansar og helikopter. Sjukehusa og kommunehelsetenesta i heile landet har styrkt den akuttmedisinske beredskapen både på land og på sjøen.
Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval som skal vurdere ytingar til pårørandeomsorg.
Forbod mot synleg oppstilling av tobakksvarer på utsalsstader tok til å gjelde 1. januar 2010.
For å få meir politikraft ut av dei ressursane som til kvar tid er tilgjengelege, blir det gjennomført ei resultatreform i politi- og lensmannsetaten som er lagt breitt opp.
Regjeringa har vedteke å gjennomgå distriktsstrukturen i politi- og lensmannsetaten.
Regjeringa oppnemnde i juni 2010 eit utval som skal gå igjennom gjeldande våpenlovgiving. Utvalet skal leggje vekt på førebyggjande og tryggingsskapande tiltak.
Det er oppretta ein innsatsstyrke mot internasjonal organisert kriminalitet for å styrkje samarbeid og samordning på tvers av politidistrikt og særorgan.
Regjeringa styrkte i 2010 den grensenære kontrollen som politiet står for, gjennom ei omfattande tiltakspakke.
Det er vedteke at det hausten 2010 skal opprettast eit nasjonalt identitets- og dokumentasjonssenter for å styrkje arbeidet med å avklare identiteten til utlendingar som kjem til eller oppheld seg i Noreg og for å sikre eit betre grunnlag for målretta innsats mot kriminalitet.
Regjeringa har sørgt for at straffenivået i gjeldande straffelov blir skjerpa betydeleg i alvorlege valdssaker og for seksuallovbrott.
For å hindre overgrep mot barn er det innført ei plikt til å kontakte politiet eller på annan måte prøve å avverje ei alvorleg straffbar handling dersom ein held det som mest sannsynleg at ei slik handling vil bli utført.
Regjeringa har styrkt innsatsen mot vald mot kvinner og barn, og det er oppretta barnehus i Bergen, Hamar, Kristiansand, Tromsø, Trondheim og Oslo. Det er vedteke at det også skal opnast barnehus i Stavanger hausten 2010.
Eit prosjekt med utprøving av eit registreringsverktøy som skal kartleggje og vurdere risikoen for framtidig partnarvald, er etablert.
Regjeringa har oppnemnt eit lovutval som skal vurdere framtida for juryordninga.
På bakgrunn av blant anna Fritz Moen-saka har Regjeringa foreslått at rettsoppnemnde sakkunnige må ha skriftleg mandat. I tillegg er det foreslått at det skal takast inn i lova at dersom den sikta har nedsett funksjonsevne, kan det vere særleg grunn til å oppnemne forsvarar.
Regjeringa har foreslått å lovfeste at avgjerder i lagmannsretten om å nekte at ein anke kan fremjast, skal grunngivast, både i straffesaker og sivile saker.
Den 14. protokollen til den europeiske menneskerettskonvensjonen tok til å gjelde 1. juni 2010. Gjennomføringa av denne vil styrkje konvensjonssamarbeidet, gjere den europeiske menneskerettsdomstolen meir effektiv og dermed styrkje den avgjerande rolla domstolen har i vernet om menneskerettane i Noreg og Europa.
Det er vedteke ei ny varemerkelov som tok til å gjelde 1. juli 2010.
Det er vedteke ei ny lov om verjemål som vil betre rettstryggleiken og integriteten til dei verjetrengande.
Det er vedteke endringar i finansavtalelova, blant anna om forklaringsplikt, kredittvurdering og ei ytterlegare styrking av frårådingsplikta, som skal bidra til at forbrukarar ikkje hamnar i gjeldsproblem.
Det har i 2010 vore ein betydeleg nedgang i talet på asylsøkjarar som kjem til Noreg. Nedgangen tok til i 2009. I første halvår 2010 kom det totalt 4 420 asylsøkjarar til Noreg, og det er nesten ei halvering samanlikna med den same perioden i 2009, då det kom 8 151. Den største nedgangen er blant dei einslege mindreårige asylsøkjarane, der nedgangen er på 69 pst. samanlikna med same perioden i 2009.
Ei ny utlendingslov og -forskrift tok til å gjelde 1. januar 2010. Regelverket innfører eit nytt flyktningomgrep som omfattar alle med rett til internasjonalt vern. Det har blant anna også blitt innført eit skjerpa krav til sikra underhald i saker om familieinnvandring, og for visse grupper er det blitt innført eit krav om fire års arbeid eller utdanning for familieetablering.
Regjeringa oppnemnde 30. oktober 2009 eit utval som skal vurdere organiseringa av og tilbodet til personar som søkjer asyl i Noreg. Utvalet skal sluttføre arbeidet innan 1. juni 2011.
Stortinget behandla våren 2010 ei melding om norsk flyktning- og migrasjonspolitikk i eit europeisk perspektiv. Meldinga presenterer 22 hovudprinsipp på området i tida framover.
Halden fengsel med 251 fengselsplassar er ferdigstilt og blei offisielt opna 8. april 2010.
Stortinget handsama i 2010 meldinga Brannsikkerhet – forebygging og brannvesenets redningsoppgaver. Regjeringa arbeider no med å følgje opp tiltaka i meldinga. Målretta satsing på førebyggjande arbeid er hovudstrategien for å hindre brannar, redusere talet på omkomne i brann og redusere konsekvensane av brannar.
Lov om kommunal beredskapsplikt, sivile vernetiltak og Sivilforsvaret er vedteken. Sivilforsvaret si oppgåve som ein statleg forsterkningsressurs for naud- og beredskapsetatane blir gjord meir tydeleg, samtidig som det også blir gitt føresegner om tiltak og plikter for kommunar, verksemder og enkeltpersonar.
Regjeringa har sett i gang ei omfattande evaluering av det statlege barnevernet. Samarbeid mellom statleg og kommunalt barnevern er eit sentralt tema i denne evalueringa.
Regjeringa har oppretta ein barnesakkunnig kommisjon. Ordninga tok til å gjelde 1. januar 2010. Kommisjonen skal kvalitetssikre alle rapportar gitt av sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er tinga av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane.
Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval som skal greie ut norsk likestillingspolitikk med utgangspunkt i livsløp, etnisitet og klasse.
For å skape ein ny og vitaliserande debatt omkring dagens likestillingspolitiske utfordringar blei Kvinnepanelet etablert.
Regjeringa har endra regelverket for foreldrepengar slik at fleire fedrar får rett til fedrekvote. Endringane gjeld for fødslar og adopsjonar frå og med 1. juli 2010.
Stortinget vedtok i april 2010 framlegget frå Regjeringa til endringar i barnelova om foreldreansvar, bustad og samvær. Målet med endringane er å leggje til rette for at barnet kan ha god kontakt med begge foreldra etter samlivsbrott. Endringane tok til å gjelde 1. juli 2010.
Regjeringa auka i revidert nasjonalbudsjett tilskottet til kommunane med 20 000 kroner per einsleg mindreårig som blir busett i 2010, for å bidra til raskare busetjing av einslege mindreårige flyktningar.
Stadig fleire vaksne innvandrarar går opp og står til avsluttande prøve i norsk. I 2007 stod berre 49 pst. til skriftleg prøve. Denne delen auka til 60 pst. i 2009. Den delen som står til munnleg prøve i norsk, har vore stabil rundt 90 pst.
Regjeringa oppnemnde i mai 2010 inkluderingsutvalet som skal sjå på moglegheiter og utfordringar i eit fleirkulturelt Noreg. Med dette som bakgrunn skal utvalet foreslå prinsipp og tiltak for inkluderings- og integreringsarbeidet. Utvalet skal levere utgreiinga si våren 2011.
Dei globale miljøutfordringane skaper eit stort behov for effektive miljøtiltak og ny teknologi på global basis. For Noreg opnar dette gode næringsmessige utsikter. Dei siste åra har løyvingar til miljøsatsing innanfor FoU auka kraftig.
Det er løyvt 140 mill. kroner til ei ny ordning under Innovasjon Noreg for tilskott til pilot- og demonstrasjonsprosjekt innanfor miljøteknologi, og av desse er 100 mill. kroner øyremerkte andregenerasjons biodrivstoff.
Regjeringa har halde fram satsinga på dei maritime næringane ved å følgje opp den maritime strategien for miljøvennleg skipsfart.
Noreg deltok på EXPO 2010 i Shanghai. Deltakinga var eit samarbeid mellom det offentlege og private.
Lov om erverv og utvinning av mineralressursar (minerallova) tok til å gjelde 1. januar 2010. Med lova har vi fått eit samla, enklare og moderne regelverk som inneber at alle delar av næringa er regulerte og har like konkurransevilkår.
Den norske skipsovervakingssatellitten, AISSat-1 blei skoten opp frå India 12. juli 2010. Satellitten er utvikla av norske teknologimiljø og gjer det mogleg å halde oversikt over skipstrafikken på ope hav. Informasjonen frå satellitten vil vere eit viktig verktøy for tryggleik på sjøen og i kampen mot miljøkriminalitet, særleg i dei sårbare havområda i nord.
På grunn av ein utfordrande marknadssituasjon for dei maritime næringane la Regjeringa fram ei tiltakspakke for verft og utstyrsleverandørar våren 2010. Gjennom pakka blei ramma for Alminnelig garantiordning under Garanti-instituttet for eksportkreditt (GIEK) utvida og det blei opna for at fleire prosjekt kan dra nytte av dei offentlege låne- og garantiordningane for eksportfinansiering.
Noreg har gjennom EFTA inngått handelsavtaler med Albania, Serbia, Ukraina og Peru. Det er i gang forhandlingar om handelsavtaler med India, Hong Kong og Indonesia gjennom EFTA og tosidige forhandlingar med Kina. Det er sett i gang arbeid med sikte på handelsavtaler med Vietnam, Malaysia, Russland, Kviterussland og Kasakhstan.
Statens aksjar på Oslo Børs oppnådde i 2009 ei positiv avkastning på 47 pst. og hadde ein samla verdi på 480 mrd. kroner ved utgangen av 2009.
Med samtykke frå Stortinget deltok staten med sin forholdsmessige del i kapitalutvidingar i DnB NOR ASA i desember 2009 og i SAS AB i april 2010. Staten deltok også i ei kapitalutviding i Norsk Hydro ASA i juni 2010, der Regjeringa fekk fullmakt til å stemme for ein retta emisjon mot Vale S.A. som gjer at statens eigardel i Hydro blir redusert til om lag 34,5 pst. Stortinget har vidare gitt Regjeringa fullmakt til kjøp av aksjar i Hydro slik at dagens eigardel over tid kan aukast til 39,9 pst.
Som eit ledd i arbeidet med å styrkje tryggleiken til sjøs innførte Regjeringa krav til obligatorisk båtførarbevis frå 1. mai i år.
Fiskebestandane i norske havområde er i god forfatning. Bestandane av torsk og hyse i Barentshavet er større enn på mange tiår. Som kyststat må vi forvalte dei levande marine ressursane våre og økosystemet på ein berekraftig måte for å sikre varig høg avkastning. Regjeringa har som mål at Noreg her skal vere eit føregangsland.
Utkast av fisk er uansvarleg sløsing med ressursar. Noreg fekk i 2009, gjennom mat- og landbruksorganisasjonen i FN (FAO), gjennomslag for eit framlegg om å innføre globale retningslinjer for å redusere bifangst og utkast i fiskeria.
Regjeringa har gitt høg prioritet til tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske, og etter norsk initiativ vedtok FAO i 2009 ei global avtale om hamnestatskontroll.
Gjennom den systematiske kartlegginga av havbotnen i nordområda under MAREANO-programmet er det hittil registrert 1 500 arter, fleire av dei ukjende. Programmet har gitt vesentleg ny og detaljert informasjon om naturtypar, undersjøiske landskap og artsmangfald.
Grunnstøytinga av ”Full City” førte til akutt oljelekkasje, og oljeforureininga spreidde seg over eit stort område. Det blei straks sett i verk ein statleg oljevernaksjon, leidd av Kystverket. Det er no gjennomført strandreinsing i om lag 200 område til eit miljømessig forsvarleg nivå. Frilufts- og naturvernområde er blitt prioriterte for finreinsing. Oppryddingsarbeidet blei i hovudsak ferdig før sommaren.
Det blei for 6. året på rad sett ny eksportrekord for norsk sjømat i 2009 med ein total eksport på 44,6 mrd. kroner. Det er ein auke på 15 pst. samanlikna med året før. Det var særleg eksporten av laks som auka, men også eksporten av aure, sild og hyse gjekk opp i 2009. Eksportverdien av torsk gjekk derimot ned, hovudsakleg på grunn av eit kraftig prisfall på torsk tidleg i 2009.
Havbruksnæringa stod for 58 pst. av sjømateksporten i 2009, målt i verdi. Det blei produsert 875 000 tonn laks, 79 000 tonn aure og 18 000 tonn torsk.
Regjeringa har det siste året lagt stor vekt på å følgje opp tiltaka i berekraftstrategien for havbruksnæringa som blei lagd fram i april 2009.
Fiskeri- og havbruksnæringa har samla sett både i 2009 og hittil i 2010 sett stadig nye eksportrekordar. Likevel har delar av næringa hatt utfordringar som følgje av kraftig fall i marknadsprisane, særleg for torsk, som har gitt betydelege inntektstap både for fiskeindustrien og fiskarane. Styresmaktene har støtta opp med ei rekkje tiltak som i hovudsak har gitt god effekt. Samtidig syner utviklinga i 2010 at prisnedgangen har gitt monaleg betre avsetning enn i 2009.
I Strategi for marin sektor – alfa og omega varsla Regjeringa at det skulle gjennomførast ein innovasjonsanalyse som tek for seg heile verdikjeda frå flåte, industri og marknad til forbrukar. Målet med analysen var å kartleggje og å fremje tiltak som kan auke lønnsemda i fiskeindustrien. Analysen blei ferdigstilt sommaren 2010 og vil inngå som del av kunnskapsgrunnlaget for å betre innovasjonsevna i fiskerinæringa.
Det er forhandla fram ny jordbruksavtale og ny reindriftsavtale, som Stortinget slutta seg til i juni 2010. Ramma for jordbruksavtala er auka med 950 mill. kroner. Jordbruksavtala vidarefører kursendringa i landbrukspolitikken. Det er lagt til rette for ei nivåheving av inntektene. Det grasbaserte husdyrhaldet og verkemidla som skal styrkje jordbruket i distrikta, er prioriterte. Reinsdriftsavtala inneber økonomiske tiltak i reindriftsnæringa på 101 mill. kroner.
Stortinget slutta seg til St.meld. nr. 39 (2008–2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen i desember 2009. Sentralt i meldinga er skogtiltak for auka opptak av CO2 og reduksjon av utslepp frå jordbruket. Regjeringa har sett samanhengen mellom sikker tilgang til nok og trygg mat og klimautfordringane på dagsorden internasjonalt.
Regjeringa har sett ned eit utval som skal kartleggje styrkeforholda i verdikjeda for mat, vurdere utviklinga og foreslå tiltak som sikrar forbruksinteressene med tanke på pris, vareutval, kvalitet og tilgjengelegheit. Utvalet skal også sjå på om det er mogleg med meir openheit og innsyn i heile matvarekjeda for å sikre tilfredsstillande samfunnskontroll.
Den samla elektrisitetsproduksjonen var på om lag 133 TWh i 2009, medan forbruket var på om lag 124 TWh.
Olje- og energidepartementet og Noregs vassdrags- og energidirektorat gav i 2009 konsesjon og fritak frå konsesjonsplikt til vasskraftprosjekt som til saman vil kunne gi ein årleg samla produksjon på om lag 610 GWh, her medrekna småkraft, opprusting og utvidingar og større kraftverk. I 2009 blei det bygd ut 56 vasskraftprosjekt, som vil bidra med ein årleg samla produksjon på om lag 0,5 TWh. Olje- og energidepartementet og Noregs vassdrags- og energidirektorat har i 2009 gitt konsesjonar til vindkraft som årleg vil kunne produsere om lag 1,3 TWh.
Sist vinter var det til tider svært høge kraftprisar i store delar av Norden. Dette skuldast streng kulde, samtidig som store delar av svensk kjernekraftproduksjon uventa var ute av drift. Mindre tilsig enn normalt og redusert importkapasitet gjorde også sitt til dei høge straumprisane. For Regjeringa er det avgjerande å få på plass eit tilstrekkeleg utbygd overføringsnett innanlands og å betre sambanda til andre land for å unngå uakseptabelt høge prisar framover. Samtidig skal det framleis leggjast til rette for utbygging av ny kraftproduksjon og energieffektivisering.
Blant anna med bakgrunn i kraftsituasjonen sist vinter har Regjeringa sett ned eit ekspertutval som skal sjå på driftskoordineringa i kraftsystemet og komme med framlegg til tiltak.
At Regjeringa styrkte Energifondet i tiltakspakka frå januar 2009 førte til ein solid auke i arbeidet med energieffektivisering i offentlege og private bygg, i industrien og i arbeidet med utbygging av fornybar energiproduksjon. Denne styrkinga gav eit kontraktfesta energiresultat på 780 GWh.
Etter at Regjeringa la fram lov og strategi om fornybar energi til havs, har arbeidet med arealvurderingar av dei mest aktuelle havområda for utbygging av havvind samanhalde med andre arealbruksinteresser vore prioritert. Samtidig er arbeidet med å få på plass eit regelverk om tryggleik og tilsyn med installasjonar for fornybar energiproduksjon til havs i gang. Hausten 2009 blei verdas første fullskala flytande havvindturbin sett i drift utanfor Karmøy med støtte frå Enovas demonstrasjonsprogram for havenergi.
Etter at Noregs vassdrags- og energidirektorat frå 2009 fekk det statlege ansvaret for førebygging av skredulykker, har direktoratet bygd opp verksemda for å kunne ta hand om det nye ansvaret det har fått for å førebyggje alle typar skred.
Lovendringa om utleige av vasskraftproduksjon tok til å gjelde 1. juli i år.
For å nå togradersmålet er det heilt nødvendig med tiltak som reduserer CO2-utsleppa både frå industri og energiproduksjon. Målsetjinga til Regjeringa er at Noreg skal vere eit føregangsland når det gjeld fangst og lagring av CO2. Betydelege ressursar blir derfor brukte på forsking og utvikling og prosjekta på Mongstad.
CLIMIT-programmet er utvida slik at det no også omfattar CO2-utslepp frå industrielle kjelder.
Byggjearbeidet med teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad er i gang. Samtidig går det for seg omfattande arbeid med å førebu og planleggje fullskala CO2-fangst på Mongstad.
Samarbeid er nødvendig for å få internasjonal spreiing av erfaringane frå teknologisenteret på Mongstad. Det er derfor positivt at arbeidet har vekt internasjonal merksemd, og at det sørafrikanske selskapet Sasol gjekk inn som ny medeigar våren 2010.
I tillegg har Regjeringa vedteke å delta i eit CO2-handteringsprosjekt i Kina saman med Europakommisjonen og Storbritannia. Størstedelen av energiproduksjonen i Kina er basert på kol. Fangst og lagring av CO2 vil kunne bety mykje for å redusere utslepp av klimagassar i land som Kina.
Olje- og gassprisane har stor betyding for statsinntektene. I 2009 kom 27 pst. av statsinntektene frå petroleumssektoren. Som følgje av auka tilbod har prisane på gass gått betydeleg ned i forhold til prisen på olje.
Norsk petroleumsproduksjon nådde toppnivået i 2004 med ein produksjon på 263 mill. Sm3. Deretter har oljeproduksjonen gått ned medan gassproduksjonen har auka. I 2009 var den totale petroleumsproduksjonen på norsk sokkel på 239 mill. Sm3, og av dette utgjorde væskeproduksjonen (olje, NGL og kondensat) 57 pst.
Gassproduksjonen var i 2009 på 103 mill. Sm3. Verdien av olje- og gasseksporten var i 2009 på 476 mrd. kroner. Dette representerer ein nedgang på om lag 25 pst. samanlikna med året før og skuldast i hovudsak lågare prisar. Netto kontantstraum til staten frå petroleumsaktiviteten var på 280 mrd. kroner i 2009.
Det er ein betydeleg aktivitet på sokkelen. I 2009 var investeringane rekordhøge og på heile 136 mrd. kroner. Det er venta eit noko lågare nivå for 2010. Fleire små og mellomstore felt som Alve, Rev, Tyrihans og Yttergryta blei sette i produksjon i 2009. Vidare har departementet så langt i 2010 behandla plan for utbygging og drift (PUD) for Gaupe, Gudrun, Marulk, Trym og bustadplattforma på Ekofisk.
I juni 2010 blei utlysing av den 21. konsesjonsrunden kunngjord. Den omfattar 94 blokker eller delar av blokker i Norskehavet og Barentshavet. Utlysinga dannar grunnlag for tildeling av nye utvinningsløyve våren 2011.
I tråd med kyrkjeforliket og i samarbeid med Den norske kyrkja er det sett i gang ei demokratireform i Den norske kyrkja. Kyrkjevala i 2009 blei gjennomførte samtidig med stortingsvalet og etter eit nytt valopplegg.
Stortinget behandla våren 2010 ei melding om styrking av presesfunksjonen i Bispemøtet i Den norske kyrkja. Meldinga varslar at det skal opprettast eit tolvte bispeembete i Trondheim.
Regjeringa har utvikla ny elektronisk løysing for sikker pålogging til offentlege tenester på nett. Regjeringa har også vedteke ei forskrift om obligatoriske IT-standardar. Desse tiltaka gjer forvaltninga enklare og meir tilgjengeleg for borgarane.
Som det første landet i verda har Regjeringa lansert offentleg elektronisk postjournal som er tilgjengeleg for alle. Noreg er med dette eit føregangsland for innsyn i offentleg forvaltning.
For å følgje opp Handlingsplan for samiske språk og St.meld. nr. 11 (2008–2009) Læreren – roller og utdanningen er det frå 2010 innført ei ordning der ein kan ettergi delar av studielånet for studentar som fullfører visse lærarutdanningar med minst 60 studiepoeng i samisk.
Gitt på Oslo Slott 1. oktober 2010
Under vår hand og riksseglet