Roger Sevrin Bruland i NRK fekk nynorskprisen for journalistar
Nyheit | Dato: 10.05.2022 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Fredag 6. mai fekk utanrikskorrespondent Roger Sevrin Bruland Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. Bruland er korrespondent i Berlin, med ansvar for den tysktalande delen av Europa og Aust-Europa.
Bruland nyttar nynorsk tydeleg og konsekvent, han er med på å bryte mark for det nynorske språket, og juryen håper han kan få endå fleire med seg i arbeider framover, står det i grunngjevinga frå juryen.
Bruland er fødd i 1977 og kjem frå Utvik i Nordfjord. Han har arbeidd i media sidan han kom inn som nynorskpraktikant i NRK i 2008.
Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerkt seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.
Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk.