Saman for å styrkje digital kompetanse i arbeidslivet

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung fekk viktige innspel frå partane i arbeidslivet til korleis dei i fellesskap kan finne løysingar for å løfte den digitale kompetansen i samfunnet. Tilgang på digital kompetanse i arbeidslivet og i samfunnet elles, var tema då digitaliserings- og forvaltningsministeren inviterte til det andre møtet i regjeringa sitt digitaliseringsforum.

Frå venstre: Nestleiar Lizzie Ruud Thorkildsen i YS, fagsjef Eli-Karin Flagtvedt i Unio, styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS, spesialrådgjevar Kjetil Staalesen i LO, administrerande direktør Bernt Apeland i Virke, viseadministrerande direktør Anniken Hauglie i NHO, administrerande direktør Anne-Kari Bratten i Spekter og leiar Lise Lyngsnes Randeberg i Akademikarane deltok på møtet med digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung i regjeringa sitt digitaliseringsforum der temaet var tilgang på digital kompetanse.

– Norsk næringsliv treng meir digital kompetanse. Skal vi lukkast med den grøne og digitale omstillinga, må vi i fellesskap sørgje for at vi har føresetnadene til å klare det. Dette møtet er eit viktig bidrag for å kome eit steg lenger, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Noreg står overfor fleire utfordringar når det gjeld tilgangen på digital kompetanse:

  • Andelen studentar som vel realfag og teknologi i høgare utdanning er lågare enn OECD-snittet.
  • Etterspurnaden etter arbeidskraft med IT-kompetanse er høgare enn tilgangen.
  • Offentleg sektor og næringslivet slit med å rekruttere personar med relevant IKT- og digital kompetanse.

I dag rapporterer 82,5 prosent av statlege verksemder at dei har problem med å rekruttere IKT-spesialistar, og 64 prosent av bedriftene har eit udekt behov for IKT-kompetanse.

I digitaliseringsstrategien har regjeringa sett seg klare mål fram mot 2030:

  • Andelen statlege verksemder som har problem med å rekruttere IKT-spesialistar skal reduserast med 15 prosent.
  • Andelen bedrifter med underdekt IKT-kompetansebehov skal vere på under 55 prosent.
Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.