Samde om auka innsats mot villsvin i Noreg
Nyheit | Dato: 15.09.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matminister Geir pollestad (Sp) har i dag hatt møte med Norges Bondelag, Norsvin, Norges skogeigarforbund, Norskog og Norges Jeger- og Fiskerforbund om tiltak mot afrikansk svinepest.
– Eg opplever at det er felles forståing for alvoret i situasjonen. Alle er samde om at villsvinbestanden i Noreg må ned. Ein vil byggja på det arbeidet som er gjort, men gjennomføring av tiltaka må intensiverast og styrkast. Det må og vurderast nye tiltak, seier Pollestad.
Svenske styresmakter melde 6. september 2023 om utbrot av afrikansk svinepest hos villsvin i Fagersta. Dette er den første påvisinga av denne alvorlege svinesjukdommen i Norden. Eit stort område på om lag 1 millon dekar er båndlagd, og det er innført omfattande restriksjonar på ferdsel, jakt og drift i skogen. Kommersielle svinehald blir avliva som eit førebyggjande tiltak. Førebels er det uklart korleis smitten har kome til Sverige. Villsvin utgjer ein stor trussel med tanke på introduksjon og spreiing av afrikansk svinepest.
– Eg hadde òg nyleg eit møte med Mattilsynet og Veterinærinstituttet for å bli oppdatert om status for utbrotet i Sverige, og for å diskutera nye tiltak for å forebyggja smitte til Noreg. I tillegg til dei tiltaka som allereie er set i gang, har eg bedt Mattilsynet vurdera behovet for å styrkja tiltaka i handlingsplanen mot villsvin, og foreslå fleire tiltak for å redusera villsvinbestanden i Noreg, seier Geir Pollestad.