Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet: Bygg ny lufthamn ved Mo i Rana og vurder moglegheiten for lengre rullebane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Avinor har i dag fått i oppdrag å bygge ei ny lufthamn ved Mo i Rana. Den nye lufthamna vil legge til rette for vidare næringsutvikling mellom anna innanfor reiseliv og industri. Som ein del av oppdraget skal Avinor vurdere om lufthamna kan byggast med ei rullebane på 2 400 meter, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Samferdselsdepartementet har i dag gitt Avinor i oppdrag å bygge ny lufthamn ved Mo i Rana.

Lufthamna har vore planlagt med ei rullebanelengde på 2 200 meter. Samferdselsdepartementet har i oppdragsbrevet bedt Avinor greie ut om ei rullebanelengde på 2 400 meter er i tråd med operative forhold og kan gjennomførast innanfor den vedtekne kostnads- og styringsramma.

- Det har vore eit tydeleg ønske frå dei lokale aktørane om å bygge ein rullebane på 2.400 meter, som er litt lenger enn det som låg til grunn for investeringsavgjerda. Når Avinor får dette oppdraget med å greie ut 2.400 meter, er det med utgangspunkt i å få avklara om vi kan hente ut ein størst mogleg effekt av denne flyplassen, og at vi framleis kan halde oss innafor den økonomiske ramma som Stortinget har vedtatt, seier Hareide.

Avinor skal snarast mogleg kome attende til Samferdselsdepartementet med resultatet av denne utgreiinga.

Stortinget vedtok før sommaren at Samferdselsdepartementet kan starte opp prosjektet i 2021, og med klar forventning om opning i 2025. Den nye lufthamna skal finansierast gjennom statlege midlar og eit lokalt bidrag.

 

Lenke til oppdragsbrev