Samferdselsdepartementet har mottatt konseptvalutgreiing om Kongsvingerbanen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 207/2020 | Dato: 26.11.2020
På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Jernbanedirektoratet gjennomført ei konseptvalutgreiing om ulike alternativ for vidare utvikling av jernbanestrekninga mellom Lillestrøm og riksgrensa. Utgreiinga skal kvalitetssikrast før regjeringa tek stilling til tilrådingane frå Jernbanedirektoratet.
Bakgrunnen for konseptvalutgreiinga (KVU) er at ein vesentleg auke i talet på persontogreiser dei siste åra har bidratt til at Kongsvingerbanen har blitt overbelasta. Prognoser tilseier at auken skal halde fram i åra framover.
Konsept og tilrådingar
Jernbanedirektoratet har i konseptvalutgreiinga analysert ulike konsept for eit transporttilbod som dekkjer samfunnets etterspurnad etter person- og godstrafikk mellom Lillestrøm og riksgrensa:
- K1 Buss som supplement til tog – auka kollektivtransportkapasitet ved bruk av buss som supplement til togtilbodet på Kongsvingerbanen.
- K2.3 Auka ombordkapasitet (person- og godstog) – bruk av nye tog med høgare ombordkapasitet for persontrafikken, og bruk av lengre tog/fleire vogner for godstrafikken.
- K3.4 Optimalisere trafikk og infrastruktur – høgare frekvens heile driftsdøgnet og dobbeltspor Lillestrøm-Kongsvinger.
- K5.1 Auka kapasitet med reduksjon av reisetid – innkorting av strekninga Lillestrøm-Sørumsand (ny bane).
Jernbanedirektoratet tilrår å leggje alternativet om auka ombordkapasitet til grunn for vidare utvikling av Kongsvingerbanen på kort og mellomlang sikt, i kombinasjon med alternativet om buss som supplement til tog. På lang sikt tilrår direktoratet å byggje ny bane mellom Lillestrøm og Sørumsand. Når det gjeld togtilbodet mellom Oslo og Stockholm, tilrår direktoratet å sjå vidare på dette i eit eiga utgreiingsarbeid.
Vidare framdrift
Konseptvalutgreiinga om Kongsvingerbanen skal gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS1). Dette vil utgjere grunnlaget for regjeringas konklusjon om vidare utvikling av strekninga Lillestrøm-riksgrensa.
For fleire opplysningar – sjå: