Riksveg 94 til Hammerfest: Samferdselsministeren fyrte første salve
Pressemelding | Nr: 74/23 | Dato: 04.08.2023 | Samferdselsdepartementet
I dag fyrte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård første salve på Rv. 94 til Hammerfest. – Dette er ei etterlengta utbetring av trafikksikringa og framkomme på vegen her, særleg til vinterstid. Det er derfor med stor glede vi startar opp prosjektet i dag, seier samferdselsministeren.
No skal Statens vegvesen og entreprenøren Bertelsen & Garpestad utbetre 5,5 kilometer veg på Rv. 94. Dagens veg manglar gul midtlinje, har bratte stigningar, skarpe svingar og er ofte stengd om vinteren. Rv.94 er den einaste innfartsvegen til Hammerfest. Sjukehuset i byen tener store delar av befolkninga i Vest-Finnmark, og Hammerfest er eit regionalt trafikk-knutepunkt.
Vegen skal etter planen stå ferdig i 2025.