Samferdselsministeren med første spadetak for Sotrasambandet
Pressemelding | Nr: 27/23 | Dato: 22.03.2023 | Samferdselsdepartementet
Onsdag 22. mars markerte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård prosjektstart for Rv. 555 Sotrasambandet. – Sotrasambandet skal sikre auka framkomme, og vil være med på å styrke Øygardens rolle for både regionale og nasjonale næringsinteresse. Sotrasambandet vil også knytte Bergensregionen nærare saman, seier Nygård.
Utviklinga av fastlandssambandet mellom Øygarden og Bergen vil være viktig for å sikre gode og effektive bu- og arbeidsmarknadsregionar. Prosjektet vil, når det er ferdig, styrke ein sårbar del av transportsystemet for landfast tilkomst for folk i Øygarden til hovudvegnettet og videre til annan transport.
I prosjektet skal det byggjast 9,4 kilometer veg, der om lag 4,6 vil gå gjennom tunnel. Prosjektet inkludera totalt fire nye bruer. Det er også planlagt 14 kilometer med gang- og sykkelveg.
– I Hurdalsplattforma seier regjeringa at vi skal redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren. Vi skal òg bidra til at vi når dei internasjonale klimaforpliktingane våre. Dette er viktig for oss. Samstundes skal vi nå nullvekstmåla i byene – altså at veksten i persontransporten skjer med kollektivtransport, sykling og gonge, framfor ein vekst i biltrafikken. Derfor er det både bra og viktig at det i dette prosjektet er planlagt å byggje om lag 14 kilometer med gong- og sykkelveg, og ved ei prioritering av kollektivtrafikken mellom Storavatnet og Straume, seier Nygård. – Desse tiltaka bidreg også til mindre kø, betre lokal luft og mindre støy, noko som er viktig lokalt.