Samferdselsministeren opna E39 Myrmel–Lunde
Pressemelding | Nr: 12/24 | Dato: 06.02.2024 | Samferdselsdepartementet
– Strekninga mellom Myrmel og Lunde er viktig både som veg for dei lokale, men også som ein del av E39, som er ei hovudåre for vegtrafikken på Vestlandet, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård under opninga av vegen.
Tysdag 6. februar var det offisiell opning av vegstrekninga mellom Myrmel og Lunde i Sunnfjord kommune, men det var satt trafikk på vegen allereie 22. januar. Prosjektet omfatta bygging av 3,7 kilometer med ny veg, der ein kilometer går gjennom ny tunnel.
Statens vegvesen har vore byggherre i prosjektet, medan AS Birkeland har vore hovudentreprenør. Prosjektet har ein kostnad på 681 millionar kroner.
Gammal E39 over Myrmel skal omklassifiserast til kommunal veg, og Vegvesenet skal utføre oppgraderingar av vegen før den vert overlevert til Sunnfjord kommune.