Samferdselsministeren til Rogaland 9. mars
Pressemelding | Nr: 21/23 | Dato: 08.03.2023 | Samferdselsdepartementet
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård deltek torsdag på vegmøte i Aksdal og skal så på synfaring på E134/E39. Seinare på dagen skal han opne ein ny grensekontrollstasjon i Karmsund Havn på Husøy, på vegne av regjeringa.
Programmet til samferdselsministeren er som følgjer:
08.00-08.20 Samferdselsfrukost på Tysværtunet i Aksdal
08.20-09.40 Vegmøte på Tysværtunet i Aksdal
09.40-11.40 Busstur Aksdal-Kyrping tur/retur
11.40-12.00 Stopp på Fatland Ølen for kort orientering og bilete
12.00-14.30 Busstur til Haugaland næringspark og deretter Karmsund Havn
14.30-15.20 Opning av grensekontrollstasjon i Karmsund Havn på Husøy
16.30 Orientering om flyplassen på Haugesund lufthamn
Samferdselsministeren er tilgjengeleg for presse under busstur og etter opninga av grensekontrollstasjonen på onsdag.
Presse som vil delta, kan kontakte presseansvarleg for turen:
Kristin Bentdal Larsen
+47 416 09 206
kristin-bentdal.larsen@sd.dep.no