Samiske namn på Gratangen, Levanger, Rana og Sørfold
Pressemelding | Dato: 16.02.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
På samisk heiter no Gratangen kommune Rivttága suohkan, Levanger kommune heiter Levangken tjïelte, Rana kommune heiter Raanen tjïelte medan Sørfold kommune heiter Fuoldá suohkan.
Gratangen kommune søkte om godkjenning av Rivttága suohkan som samisk namn på kommunen 9. juni 2022, Levanger kommune søkte om godkjenning av Levangken tjïelte som samisk namn 25. januar 2023, Rana kommune søkte om godkjenning av Raanen tjïelte som samisk namn 21. juni 2022 medan Sørfold kommune søkte om godkjenning av Fuoldá suohkan 28. juni 2022.
Namna er i samsvar Sametingets tilråding og vart vedteke i statsråd i dag.