Samlar departementa sine IT-miljø i éi digitaliseringsorganisasjon
Pressemelding | Dato: 20.12.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
1. januar 2025 vil Departementa sin digitaliseringsorganisasjon (DIO) vere offisielt etablert. Verksemda vil bestå av IKT-miljøa frå Departementa sin tryggleiks- og serviceorganisasjon (DSS), Justis- og beredskapsdepartementet (JD) og Utanriksdepartementet (UD).
– Ved å opprette Departementa sin digitaliseringsorganisasjon, DIO, styrkjer vi tryggleiken i dei digitale løysingane og styrkjer samordninga mellom departementa. Eg er veldig nøgd med at vi no får samla IT-miljøa på ein stad og i ein etat som vil bidra til å løfte digitaliseringa, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Oldernes Tung (Ap).
Formålet med etableringa av etaten er å leggje til rette for trygg og effektiv drift, forvaltning og utvikling av digitale tenester til Statsministerens kontor, Departementa, Noregs Utanriksstasjonar og DSS. Etaten skal vere ein strategisk digitaliseringspartnar for departementsfellesskapet, som skal bistå departementa i å løyse dei komplekse samfunnsutfordringane som kjem til å møte Noreg i åra som kjem.
Departementa sin digitaliseringsorganisasjon (DIO) vil vere underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og Anders Aagaard Sørby er tilsett som direktør for verksemda.