Sandra Borch besøker Telemark 15. januar

Fall i søkartala til lærarutdanningane, studentmiljø og regional utvikling står på programmet når forskings- og høgare utdanningsministeren besøker Universitetet i Sør-Aust-Noreg i Notodden, Bø og Porsgrunn. Her møter ho studentar som har undervisning, studentbedrifter og kollokviegrupper, og blir kjend med den nye universitetsrektoren.

Program, måndag 15. januar

Kl. 10–11: USN Campus Notodden: Statsråden møter lærarstudentar: Ho vil høyre meir om kvifor dei valde læraryrket og kva som må til for å få fleire til å søke lærarutdanning.

Det er stor lærarmangel i mange kommunar, samstundes som søkinga til lærarutdanningane dei siste åra har stupt over heile landet. I haust sto fleire enn ein av tre lærarstudieplassar tomme. USN har føreslått å prøve ut alternative opptakskrav, fordi dei opplever at gode, motiverte søkarar blir stoppa av karakterkrava. I vår skal Borch legge fram ei stortingsmelding om systemet for opptak til høgare utdanning. Eit av forslaga frå Opptaksutvalet var å fjerne alle særskilte karakterkrav til mellom anna lærar- og sjukepleiarutdanningane, og dette forslaget blir behandla i meldinga.

Borch møter også studentar som går på den svært populære fleksible, desentraliserte sjukepleiarutdanninga i Notodden.

Stad: USN Campus Notodden, Lærerskoleveien 40

12.30–13.30: USN Campus Bø: Lab-besøk, studentbedrifter og regional utvikling. Statsråden får omvising på molekylærlabben der masterstudentar i økologi og miljøleiing har kurs. Ho treffer også studentane bak studentbedriften Vibryr. Dei har utvikla eit system som gir oversikt over den viktigaste informasjonen helsepersonell treng for å bli kjend med brukarar i bustader og institusjonar for menneske med særskilde behov, anten det er multifunksjonshemmingar, autisme, demens, Alzheimer eller Downs syndrom.

I tillegg Borch får høyre om USN sitt samarbeid med Bionér, ein lokal bedrift som arbeider med jordhelse. Ho blir også med på Akademisk skrivesenter, som hjelper studentane å knekke kodane for akademisk skriving.

Stad: USN Campus Bø, Gullbringvegen 36

14.45–15.45: USN Campus Porsgrunn: Fagleg og sosialt studentmiljø:  Borch blir med studentar i ei såkalla OLA-gruppe. Dette er ei systematisert ordning med kollokviegrupper som skal hjelpe studentane til å meistre faget betre. Gruppa blir leia av en erfaren student som har tatt det aktuelle faget tidlegare, og som har fått opplæring i å rettleie andre. Ho møter også studentforeiningar for å snakke om betydninga av eit godt fagleg og sosialt miljø - og får ei innføring i USN sine forskingssatsingar.

Stad: USN Porsgrunn, Kjølnes ring 56

Heile programmet er ope for pressa. Interesserte journalistar kan melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen (tlf. 91114868), johanne.severinsen@kd.dep.no