Presseinvitasjon:

Sandra Borch på Dyrskun

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Landbruks- og matminister Sandra Borch er på Dyrskun i Seljord fredag 9. september. Borch vil vere på Dyrskuplassen heile dagen, frå kl. 10.00 til om lag kl. 17.00. Ho skal mellom anna delta i debatt om «Mat i krisetider» kl. 13.00, og ho skal halde åpningstalen og dele ut prisar frå kl. 16.00.

Så langt tida strekk til vil Borch vere tilgjengeleg for media gjennom heile dagen. Dersom nokon har spesielle ønskje, vil ta opp bestemte tema/saker med ho, er det bra om de tek kontakt på førehand, slik at vi kan planlegge og setje av tid for dette.

Kontakt for landbruks- og matministeren:
Heidi Eriksen Riise, tlf.: 975 17 227

Kontakt for Dyrskun: Geir Helge Espedalen. tlf.: 906 51 011.