Sanner legg fram forslag til nye læreplanar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 13.03.2019
Mandag 18. mars legg kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner fram forslag til nye læreplanar i skolen. Fagfornyinga er den største endringa i norsk skole sidan Kunnskapsløftet blei innført i 2006.
Stad: Sofienberg skole, Trondheimsveien 48, Oslo (Inngang frå Helgesens gate).
Regjeringa har sett i gang eit omfattande arbeid for å fornye innhaldet i skolen, slik at elevane blir best mogleg rusta for framtida. Dei nye læreplanane blir no sendt på offentleg høyring, før dei blir endeleg fastsett til hausten. Frå skoleåret 2020/21 blir læreplanane innført i skolen. Målet er å styrke den faglege forståinga til elevane og legge betre til rette for djupnelæring.
Program mandag 18. mars
Kl. 10.00 – 10.25 |
Rektor ønsker velkommen, og kunnskaps- og integreringsministeren legg fram forslaget til dei nye læreplanane. |
Kl. 10.25 – 10.40 Kl. 10.40 – 11.00 |
Seprarate intervju med pressa. Minsteren møter elevar ved skolen. Det vil også vere høve å intervjue statsråden i klasserommet.
|
Pressekonferansen blir strøymd.
Sanner legg fram forslag til nye læreplanar
Sjå sendinga her
Kontakt:
Journalistar som ønsker å delta på pressekonferansen kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Martin Andersson, maan@kd.dep.no, telefon 993 63 118.