Statsbudsjett 2024
Satsar på katapult-ordninga til Siva
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Siva legg til rette for nyskaping gjennom å bygge, eige og utvikle infrastruktur for innovasjon over heile landet. Regjeringa vil løyve 26 millionar kroner meir til katapult-ordninga til Siva.
– Norsk industri må, på grunn av høgt kostnadsnivå, ta i bruk stadig meir avansert teknologi for å utvikle posisjonen sin i ein global marknad. Regjeringa har derfor som ambisjon at norsk industri skal vere leiande innan Industri 4.0, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).
– Katapult-ordninga til Siva gir bedrifter høve til å teste nye løysingar for å gi raskare industriell vekst og utvikling i Noreg. Ei satsing på ordninga vil gi bedriftene eit betre tilbod i arbeidet med å utvikle grøne løysingar for framtida, seier næringsminister Vestre.
Regjeringa vil løyve totalt 26 millionar kroner meir til katapult-ordninga til Siva.
Pengane skal mellom anna dekke nødvendig oppgradering av teknisk infrastruktur, maskiner og utstyr til testfasilitetane for at dei skal vere relevante og attraktive for bedrifter.
Pengane skal òg dekke Siva sitt arbeid med å greie ut korleis helsenæringa i større grad kan få nytte av katapult-ordninga, og arbeidet med ei nasjonal satsing på legemiddelproduksjon. I tillegg skal Siva, saman med Innovasjon Norge og Forskingsrådet, vurdere tilbodet til prosjekt innanfor automatisering og digitalisering i industrien, for å komme vidare i arbeidet med eit mogleg nasjonalt industri 4.0-program.