Satsing på norsk produksjon av yoghurt og ferske ostar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 29.01.2016
Landbruks- og matdepartementet sender på høyring forslag om forenklingar i prisutjamningsordninga for mjølk. Bakgrunnen er Stortinget sitt ønske om ein særskilt gjennomgang og vurdering av prisutjamningsordninga for mellom anna å betre konkurransesituasjonen i mjølkemarknaden. Samtidig skisserer Landbruks- og matdepartementet korleis eksportsubsidiane på ost kan fasast ut. Regjeringa vil komme tilbake med ei heilskapleg vurdering av marknadsordninga for mjølk i meldinga til Stortinget om jordbruksnæringa.
– Eg er særs nøgd med at vi gjennom dei foreslåtte endringane i prisutjamninga for mjølk skal legge til rette for styrka konkurransekraft for norsk næringsmiddelindustri, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
– Dette er eit viktig avbøtande tiltak når vi no går i gang med å fase ut eksportsubsidiane på Jarlsbergost, og dermed legge grunnlaget for å oppretthalde melkeproduksjonen.
Dei viktigaste forslaga som skal på høyring er:
- Ei rask nedtrapping av avgift til yoghurt og ferske ostar for å styrke konkurransekrafta til norsk produksjon og næringsmiddelindustri.
- Nedtrapping av eksportsubsidiane på Jarlsbergost frå 1. juli 2016 til dei er avvikla 1. juli 2020.
- Nedskalering av innfraktordninga slik at den sikrar ein rasjonell og miljøvennleg transport, og at den blir meir på linje med andre fraktordningar. Ordninga vil framleis dekke 80 prosent av inntransportkostnadene. Dette vil og bidra til å finansiere den styrka konkurransekrafta for norsk produksjon.
- Forenkling av prisutjamningsordninga med færre grupper og administrative endringar.
I dag må produsentane av yoghurt og ferskostar betale avgift på produktet. Dette medverkar til å gje norske produsentar ei konkurranseulempe samanlikna med utanlandske produkt. Vi har dei siste åra opplevd at import av slike produkt har auka. For å styrke konkurransemoglegheita til norske produsentar blir det foreslått å trappe ned avgifta for desse produkta slik at ho er borte innan 1. juli 2017.
Korleis utfasing av eksportsubsidiar vil slå ut vil avhenge av utvikling i etterspørsel og konkurranseevna til norsk næringsmiddelproduksjon.
Auka etterspurnad etter ost og yoghurtkan vege opp for nedgang i eksport, også auka marknadsandel for norske produsentar til fordel for utanlandske vil kunne gjere det same. Difor er styrkinga av konkurransekrafta gjennom nedtrapping av avgifter eit viktig grep. I høyringsnotatet er det skissert to ulike scenarier for framtida. Eitt med svak forbruksutvikling og eitt med sterk forbruksutvikling. Det fyrste gir redusert mjølkeproduksjon, og det andre gir auka.
Meir om prisutjamningsordninga
Prisutjamningsordninga har som formål å jamne ut prisane på mjølk som råvare til ulike bruksområde. Dette for å gje mjølkeprodusentane moglegheit til å få betalt målpris uavhengig av kva mjølka skal brukast til og lokalisering av produksjonen. Prisutjamningsordninga er eit null-sum spel der ein betaler avgift for flytande mjølkeprodukt og fløyte, og brukar desse pengane til å betale tilskot (for å finansiere lågare pris) for modna ost og industriprodukt. Ordninga finansierer også innfrakttilskot på mjølk, eksportsubsidiar og konkurransefremjande tiltak for uavhengige aktørar. Ordninga er sjølvfinansierande og er ikkje på statsbudsjettet.