Seier ja til daglegvarebutikk på Puntsnes

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsdepartementet har i dag godkjent reguleringsplan for Puntsnes forretningsområde i Hjelmeland kommune, med nokre endringar. Den vedtekne planen opnar mellom anna for å etablere daglegvarehandel på Puntsnes, slik kommunen ønskjer.

- Ein ny, større daglegvarehandel vil vere bra for kommunen sin utvikling, og vil dessutan kunne motverke handelslekkasje ut av kommunen, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Den vedtekne reguleringsplanen inneber at det kan etablerast daglegvarehandel, i tillegg til sal av større varegrupper. Departementet har endra planen, slik at han ikkje lengre opnar for kontor og arbeidsplassintensive tenester. Det er lagt vekt på at statsforvaltaren peikte på denne løysinga i si oversending av saka, etter dialog med Hjelmeland kommune.

Fylkeskommunen, statsforvaltaren og Statens vegvesen hadde motsegn til planen. Kommunal- og distriktsdepartementet har gjennom endringane justert planen slik at motsegna delvis er teke til følgje, samtidig som kommunen får medhald i ønsket om å tillate daglegvarehandel i området. Som vist til ovanfor er dette i tråd med løysinga statsforvaltaren har peika på i si oversending av saka, etter dialog med kommunen.

- Vi legg vekt på det lokale sjølvstyret i slike saker. Her har statsforvaltaren og kommunen gjennom dialog i saka lagt grunnlag for ei god løysing, seier Gjelsvik.

Les brevet her

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00