Sektormelding om Posten: Regjeringa legg til rette for ei effektiv verksemd i møte med nye utfordringar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 126/16 | Dato: 11.05.2016
- Posten opplever store endringar i marknaden, og må difor vere best mogeleg førebudd på å møte utviklinga. Dei siste tjue åra har brevvoluma blitt redusert betydelig i konkurranse med elektronisk kommunikasjon. Samstundes kjøper folk meir varer på internett enn tidlegare. Dette gjer at pakkeposten aukar i omfang. Regjeringa føreslår no tiltak som vil gjere Posten godt rusta til møte utviklinga, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Regjeringa har i dag lagt meldinga "Postsektoren i endring" fram for Stortinget. Sektormeldinga tar for seg forhold knytt til regulering og eigarskap av verksemda til Posten.
Ikkje lenger skilje mellom A- og B-post
Fallet i brevmengda er stort. I løpet av dei siste 15 åra er brevmengda blitt halvert, og tal for januar og februar i år tyder på at fallet er aukande. Grunnen er at stadig fleire nyttar ulike typar elektronisk kommunikasjon.
Posten har store faste kostnader ved å oppretthalde to poststramar. Ei viktig regulatorisk endring i sektormeldinga er difor at regjeringa går inn for å slå saman A- og B-post til ein felles poststraum. Endringa gjer at normal framføringstid for vanlege brev aukar frå ein til to dagar. Endringa gjer det mogleg å frakte mesteparten av postmengda med landtransport, med unnatak av flytransport mellom nord og sør i Noreg.
- Følgjene av å slå saman A- og B-post vil gjere verksemda til Posten meir effektiv og dermed betre rusta til å møte utviklinga i postmarknaden. Vi ser no liknande teikn i andre skandinaviske land. I Danmark blei det for nokre dagar sidan inngått ein politisk avtale om leveringsplikta fram mot 2019. Avtalen betyr at danskane avskaffar tradisjonell A-post og innfører ein ny brevstrøm med ei framsendingstid på fem dagar, seier samferdselsministeren.
Det blir òg endringar i korleis Posten organiserer brevsorteringa. Som følgje av det reduserte postvolumet og samanslåing av A- og B-post, legg regjeringa opp til at Posten kan samla brevsorteringa til nokre få brevterminalar. Aktiviteten ved dei andre brevterminalane blir dermed redusert.
Landpostbod: Krav om minst fire kilometer til nærmaste Post i butikk
I tråd med at postmengda er fallande, legg regjeringa opp til at det skal vere minst fire kilometer frå nærmaste Post i butikk for å få tilbod om landpostteneste. Denne grensa er tidligare kommunisert til Stortinget, men regjeringa går inn for at praksisen skal bli lik i alle områder. Innføring av lik praksis gjer at nokre færre husstandar får tilbod om landpostteneste.
Vil gjere det mogeleg å redusere talet på omdelingsdagar, men utan lovendring
Posten er ikkje lenger pliktig til å dele ut post seks dagar i veka, men fem. Denne endringa blei innført tidlegare i år. I meldinga går regjeringa inn for å gjere det mogeleg å redusere talet på omdelingsdagar for inntil 10 prosent av hushalda utan å måtte endre postlova. Denne moglegheita er ikkje tenkt tatt i bruk med det fyrste, men kan tre i kraft når fallet i brevmengda gjer det naudsynt.
Regjeringa orienterer om utviklinga i Posten
I sektormeldinga orienterer regjeringa om Postens økonomiske utvikling, oppfølging av hovudstrategiar og arbeid med samfunnsansvar.
Posten har over fleire år gjennomført omfattande tiltak for å effektivisere verksemda innanfor både post- og logistikksegmentet. Samstundes har Posten over lang tid arbeidd systematisk med sitt samfunnsansvar og har oppnådd ein markant nedgang i sjukefråveret og ein vesentleg reduksjon av CO2-utslipp.
Posten driv i dag verksemda i ein fullt ut konkurranseutsett marknad. I meldinga går regjeringa difor inn for å avvikle eigarkravet om ei nedre grense for talet på ekspedisjonsstader. Innanfor kravet i postlova om områdedekning skal Posten sjølv, på kommersielt grunnlag, få moglegheit til å avgjere talet på ekspedisjonsstader. Samferdselsdepartementet legg òg opp til å avvikle praksisen med å legge eigarmeldingar om verksemda til Posten fram for Stortinget.
For fleire opplysningar – sjå: