Presseinvitasjon:
Seminar og rapport om forsking og innovasjon til pasientens beste
Nyheit | Dato: 25.05.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Fredag 26. mai mottar helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol nasjonal rapport om forskings- og innovasjonsaktiviteten i helseføretaka.
Kvart år utarbeider dei regionale helseføretaka rapporten som ein del av ei årleg melding frå dei regionale helseføretaka. Rapporten blir overlevert til helse- og omsorgsministeren på eit seminar der også eit utval av dei beste prosjekta blir presentert.
Tidspunkt: Fredag 26. mai klokka 12.00–13.30
Stad: Helse- og omsorgsdepartementet sine lokalar i Teatergata 9
Program for seminaret
- Velkomen ved helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (5 minuttar)
- Overrekking av rapporten ved fagdirektør Bjørn Egil Vikse frå Helse Vest regionale helseføretak (5 minuttar)
- Nasjonale nøkkeltal ved fagdirektør Bjørn Egil Vikse (10 minuttar)
- Presentasjon av utvalte prosjekt
- Helse Nord: Innleiing ved forskingsdirektør Tove Klæboe Nilsen (3 minuttar)
- Ellinor Haukland: «Frå reaktiv til proaktiv oppfølging av kreftpasientar» (12 minuttar)
- Helse Nord: Innleiing ved forskingsdirektør Tove Klæboe Nilsen (3 minuttar)
-
- Helse Midt-Noreg: Innleiing ved fagleg koordinator May Britt Kjelsaas (3 minutter)
- Lars Adde: «Bruk av kunstig intelligens til å kjenne igjen CP hjå spedbarn» (12 minutter)
- Lars Adde: «Bruk av kunstig intelligens til å kjenne igjen CP hjå spedbarn» (12 minutter)
- Helse Sør-Aust: Innleiing ved avdelingsdirektør for forsking og diagnostikk Lars Eikvar (3 minutter)
- Kjersti Flatmark: «Ny behandling for pasientar med kreft i blindtarmen» (12 minutter)
- Kjersti Flatmark: «Ny behandling for pasientar med kreft i blindtarmen» (12 minutter)
- Helse Vest: Innleiing ved fagdirektør Bjørn Egil Vikse (3 minutter)
- Kjell Arne Johansson: «Då hepatitt C blei utrydda på Vestlandet» (12 minutter)
- Helse Midt-Noreg: Innleiing ved fagleg koordinator May Britt Kjelsaas (3 minutter)
Pressa er velkomen til å delta, og kan melde si interesse til info@hod.dep.no.