Presseinvitasjon
Seminar om Noregs deltaking og bidrag i eit europeisk helseberedskapssamarbeid
Nyheit | Dato: 22.03.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
EU tar fleire grep for å styrke motstandskrafta si og skape robuste verdi- og forsyningskjeder. Slik skal tilgangen til legemiddel og medisinsk utstyr bli sikrare, også i ei krise. Kva betyr dette for Noreg?
Seminar om Noregs deltaking og bidrag i eit europeisk helseberedskapssamarbeid
Sjå sendinga her
Den globale tilgangen til legemiddel og medisinsk utstyr er sårbare. Dette blei enda tydelegare under pandemien og aukar no som følgje av krigen i Ukraina og den geopolitiske situasjonen.
Ei solid helsenæring er ein del av grunnlaget for motstandskrafta i samfunnet, og er nødvendig for det styrka samarbeidet om helseberedskap i EU.
Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20
Tid: 29. mars kl. 10.00 – 11.30
Påmelding: Norske sårbarheter i et Europa i endring (nupi.no)
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, næringsminister Jan Christian Vestre, administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Norge, viseadministrerande direktør Ann-Tove Kongsnes i Investinor, næringspolitisk direktør Grete Karin Berg i NHO Geneo, administrerande direktør Ole J. Dahlsberg i Curida og NUPI-forskar Marianne Riddervold held innlegg og har dialog om:
- Korleis blir Noreg og norsk helsenæring påverka av EU si helsesatsing?
- Kva konsekvensar får dei europeiske satsingane på auka motstandskraft for ein liten marknad som den norske?
- Kva skal til for at norsk helsenæring kan bidra i europeiske investeringar og utviklingsprosjekt?
- Korleis kan Noreg og norsk helsenæring bidra til å styrke europeisk motstandskraft og strategisk autonomi?
Seminaret er eit samarbeid mellom NUPI og Helse- og omsorgsdepartementet.
Strøyming:
Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.