Sender forskrifter om lokale folkerøystingar i Søgne og Songdalen på høyring

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande er oppteken av å lytte til folk når det gjeld endring av kommunestruktur. Sande peiker på at det vil regjeringa også gjere no, før det blir tatt ei avgjersle om framtida til Søgne og Songdalen.

No sender Kommunal- og distriktsdepartementet forslag til forskrifter for gjennomføring av rådgjevande folkerøystingar i tidlegare Søgne og Songdalen kommunar om deling av Kristiansand kommune på høyring.

– Endringar i kommunestrukturen engasjerer mange. Vi meiner det er viktig å få synspunkta til innbyggjarane for å avgjere om Søgne og Songdalen skal bli delt eller ikkje. Vi føreslår at folkeavrøystingane blir gjennomført i veke 4 og 5 i 2024, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.  

Stortinget har behandla forslag om ei endring i inndelingslova, som vil gi departementet ein generell heimel til å gjennomføre innbyggarhøyringar, mellom anna folkerøystingar, i saker der departementet gjennom inndelingslova har teke initiativ til å greie ut ei grenseendring.

– Eg er glad for at eit bredt fleirtal i Stortinget støttar lovendringa. Det er ei viktig og riktig endring som har betydning for alle framtidige saker om endringar i kommunestruktur. No følger regjeringa opp med å legge til rette for folkeavstemming i Søgne og Songdalen, seier Sande.

Lokale folkerøystingar i Søgne og Songdalen

Kommunal- og distriktsdepartementet sender i dag på høyring forskrifter som regulerer gjennomføringa av folkerøystingar i spørsmålet om deling av Kristiansand kommune. Forskriftene gir rammer for gjennomføringa av folkerøystingane i dei områda som tidlegare utgjorde Søgne og Songdalen kommunar.

Samanslåinga med Kristiansand kommune blei gjennomført sjølv om innbyggjarane i Søgne og Songdalen kommunar ikkje ønska det. Regjeringa vil no lytte til desse innbyggjarane i spørsmålet om deling.

Folkerøystingane skal finne sted i veke 4 og 5. Dette legg til rette for eit vedtak om deling før sommaren 2024 og at ei eventuell deling av Kristiansand kommune vil kunne tre i kraft frå 1. januar 2026. Departementet kan med heimel i inndelingslova avgjere at det i så tilfelle skal gjennomførast eit ekstraordinært val til nye kommunestyre samstundes med stortingsvalet hausten 2025.

I forskriftene legg departementet opp til at det skal vere mogleg å stemme i folkerøystingane gjennom ei digital løysing. Veljarar som ikkje kan eller ønskjer å bruke den digitale løysinga kan røyste med brev.

Valdirektoratet har på oppdrag frå departementet utvikla den digitale løysinga som skal brukast ved folkerøystingane. Dei skal og ha ei viktig rolle i den praktiske gjennomføringa. Dei skal mellom anna stå for mottak av brevrøyster og oppteljing av stemmene.

I forskriftene er det lagt opp til at det skal vere mogleg å røyste i den digitale løysinga frå måndag 22. januar 2024 fram til fredag 2. februar 2024.

Det er foreslått at innbyggjarar i områda som svarar til høvesvis tidlegare Søgne og Songdalen kommunar har røysterett. Røysterettsalderen er foreslått sett til 16 år, det vil seie at alle som har fylt eller fyller 16 år i 2024 vil ha røysterett i folkerøystingane.

Forskriftene blir i dag sendt ut på offentleg høyring. Frist for høyringssvar er 20. desember 2023.

 

Statsråden er tilgjengeleg for pressa i dag klokka 14.00.