Senter for fjellandbruk blir etablert på Løken gard i Øystre Slidre
Nyheit | Dato: 20.12.2022 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matminister Sandra Borch og ordførar i Øystre Slidre kommune Odd Erik Holden, har i dag signert avtale om overføring av Løken gard frå staten til kommunen.
Kommunen overtar garden vederlagsfritt, under føresetnad av at det blir etablert eit nasjonalt senter for fjellandbruk på garden. Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2023 har Stortinget slutta seg til at Landbruks- og matdepartementet skal yte tilskot på 4 millionar kroner til etablering av senteret for fjellandbruket.
– Det er ei stor glede for meg og for regjeringa at vi nå får realisert målsetjinga i Hurdalsplattformen om å få etablert eit nasjonalt senter for fjellandbruket, seier landbruks- og matminister Sandra Borch. – Staten har lagt til rette for dette ved vederlagsfri overføring av garden til kommunen og ved å løyve 4 millionar kroner for 2023 til etableringen av senteret, seier Borch, som strekar under at det har vore ein god dialog med kommunen om organisering av det nye senteret.
– Den førre regjeringa ville selje garden på den åpne marknaden. Eg meiner den løysinga vi nå har kome fram til er mykje betre. Nå kan ressursane på Løken gard nyttast i arbeidet for vidare utvikling av fjellandbruket i Noreg. Eg ønskjer kommunen lykke til med å realisere senteret, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.
– Løken har vore forsøksgard sidan 1918, og har i alle år vore viktig med forsøk og sortsutprøving for fjellandbruket. Når kommunen nå overtek garden, sikrar vi kontinuiteten, seier ordførar Odd Erik Holden.
– Underteikninga av denne avtalen er starten for den vidare utviklinga av nasjonalt senter for fjellandbruk på Løken, seier Holden.
Ei utgreiing frå Norges Vel viser at det er behov for å sjå arbeid med fjellandbruk meir i samanheng.
Borch takka ja til invitasjon frå ordføraren om å vitje Øystre Slidre og Løken i løpet av våren.