Seterkultur innstilt til Unesco-lista for immateriell kulturarv
Nyheit | Dato: 14.11.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Den tradisjonelle seterkulturen er innstilt til å hamna på Unesco-ista for immateriell kulturarv. Saka om seterkulturen blir handsama tidleg på sakslista. Innskrivinga vil kanskje finna stad allereie 4. desember.
Den tradisjonelle seterkulturen er innstilt til å hamna på Unesco si liste for immateriell kulturarv. Saka om seterkulturen vert handsama tidleg på sakslista, og organisasjonen Norsk Seterkultur reknar med at den formelle innskrivinga truleg vil skje 4. desember.
Den formelle innskrivinga er venta å finna stad den 4. desember i år. Unesco er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon.
Det er fleire sider ved den tradisjonelle seterdrifta som gjer at ho fortener ein plass på lista, ifølgje Unesco-komiteen. Komiteen legg vekt på at seterbruket spelar ei viktig rolle som kjelde for lokalt produsert mat, overføring av kunnskap og tradisjonar både innanfor familiar og for nye interesserte. Det blir òg trekt fram at seterdrifta fremjar helse og velvære både for driftarane og gjester på setrane.
- Les meir om seterkulturen på Unesco-lista hjå seterkultur.no Seterkulturen innstilt til Unesco-inkripsjon || Norsk Seterkultur
Setermiljøet i Noreg og fäbodmiljøet i Sverige har i fleire år jobba for å få tradisjonen innskriven på Unesco-lista.
Seterorganisasjonane i Noreg og Sverige skal møtast i Oslo på den formelle markeringa 6. desember, men sjølve Unesco-møtet finn stad i Paraguay i Sør-Amerika. Vona er at ein slik heider frå Unesco skal vera med på å hevja statusen til seterdrifta og hjelpa til med å vidareføra denne tradisjonen inn i ei ny tid.
Frå før har Norges Bygdekvinnelag fått Unesco-status som matekspertar. Noreg har attpåtil åtte stader på Unescos verdsarvliste, fire immaterielle kulturarvar, tre geoparkar og eitt biosfæreområde.