Setring på Unesco-lista over immateriell kulturarv
Nyheit | Dato: 04.12.2024 | Landbruks- og matdepartementet
4. desember blei tradisjonell seterdrift skriven inn på Unesco-lista over immateriell kulturarv.
Seterkulturen har vore svært utbreidd i Noreg, og tradisjonen held fram. I 2023 var det 750 setrar som fekk tilskot til drift gjennom ordninga Regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP).
Regjeringa har også teke grep for å styrka seterdrifta ved mellom anna å gje meir støtte til fylke som har mange setrar over RMP-ordninga som ein del av jordbruksoppgjeret. Dei fylka som har flest setrar i drift er Innlandet og Trøndelag.
– Setra har ein viktig plass i både norsk kultur og i landbruket. At setring no blir skriven inn på Unesco-lista over immateriell kulturarv, er prov på nettopp det. Seterdrifta bidreg òg at me får utnytta utmarksressursane på ein berekraftig måte. Gjennom seterdrifta, kan ein òg vidareformidla kunnskap og ferdigheiter på tvers av generasjonar, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
- Les meir om innskrivinga hjå Landbruksdirektoratet Norsk seterkultur inn på Unescos liste - Landbruksdirektoratet
Ressursutnytting og matproduksjon er sjølve grunnlaget og årsaka til at seterdrifta eksisterer. På dei setrene som er igjen vert det drive berekraftig utnytting av utmarksressursane.
Seterdrifta held viktige natur- og kulturmiljø ved like, og bidreg til eit rikt biologisk mangfald og verdifulle landskap.
Unesco-lista inneheld immateriell kulturarv. Det betyr den delen av kulturarven som femner om stadnamn, kunnskap og fôrhausting. Men også tradisjonar som ysting, eventyr, segner og lokk høyrer setra til.
Frå før har Norges Bygdekvinnelag fått Unesco-status som matekspertar. Noreg har attpåtil åtte stader på Unescos verdsarvliste, fire immaterielle kulturarvar, tre geoparkar og eitt biosfæreområde.