Revidert nasjonalbudsjett
Sikrar finansiering for CO2-fangst på Klemetsrud
Pressemelding | Dato: 12.05.2022 | Energidepartementet
Regjeringa foreslår ei finansieringsløysing som legg til rette for at bygginga av CO2-fangstprosjektet ved avfallsforbrenningsanlegget på Klemetsrud kan starte i 2022. Prosjektet fjernar utsleppa frå den største utsleppskjelda i Oslo. Det gir ein årleg CO2-reduksjon på inntil 400 000 tonn frå 2026.
— Dette er ein merkedag for CO2-fangst i avfallsbransjen. Prosjektet på Klemetsrud vil vere eit viktig teknologisk bidrag for å nå klimamåla. Eg er stolt over at vi får til dette som ein del av Langskip-prosjektet, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Avfallsbransjen står i dag for om lag 5 prosent av dei globale utsleppa av klimagassar. Energigjenvinning av restavfall med CO2-fangst er ein del av løysinga for å kutte desse utsleppa. Prosjektet på Klemetsrud er det første i sitt slag. Det vil bidra til betydeleg reduserte utslepp i ikkje-kvotepliktig sektor og til utvikling av klimateknologi som kan brukast internasjonalt.
Staten og Fortum Oslo Varme inngjekk i 2021 ein avtale med ein tilskotsperiode til 2034. I samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett 2022 foreslår regjeringa at avtalen blir forlenga til 2036. Med forventa oppstart av drifta i 2026 vil det gi ein driftsperiode på ti år.
— For å nå klimamåla er vi avhengige av å utvikle prosjekt med såkalte negative utslepp, som fjernar CO2 som er ein naturleg del av krinsløpet. Halvparten av utsleppa på Klemetsrud kjem frå biogene kjelder, og prosjektet vil dermed bidra med inntil 200 000 tonn negative utslepp kvart år, seier Aasland.
Statens totale kostnader til investering og drift i ti år og tilskot til kjøp av kapasitet i transport og lager er med dette forslaget estimert til om lag 3,4 milliardar 2022-kroner. I tillegg gir staten eit tilleggstilskot for fanga CO2 utan kvoteplikt. Det tilsvarer kvoteprisen minus CO2-avgift.
Les meir om Langskip-prosjektet.