Sju Nav-kontor valt ut til forsøksprogram for å hjelpe unge i jobb
Pressemelding | Dato: 27.03.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Nav-kontora i Kristiansand, Arendal, Bergen Vest, Bergen Sør, Sandefjord, Skien og Porsgrunn er valt ut til å prøve eit nytt ungdomsprogram. Unge som treng hjelp for å kome i jobb, skal få tilbod om å delta og inntekt som ikkje er knytt til at dei har ein diagnose, men at dei er i aktivitet.
– Ungdommane må få vise kva dei kan i staden for å bevise at dei er sjuke. Når deltakarane veit at dei har ei grunnleggjande inntekt gjennom programmet, kan dei bruke tida og energien sin på å lære, utvikle seg og søke jobb, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
I dag står meir enn 100 000 unge utanfor jobb og utdanning. Regjeringa vil ha fleire av dei inn i jobb. No skal sju utvalde Nav-kontor prøve ut ei helt ny løysing.
Programmet har strenge aktivitetskrav og inneheld ulike arbeidsmarknadstiltak. Deltakarane vil få rettleiing i jobbsøking, skriving av CV og andre arbeidsretta aktivitetar. Arbeidspraksis og lønna arbeid vil også vere ein del av programmet, og individuell rettleiing og oppfølging frå Nav blir sentralt. Inntektssikringa vil vere på same nivå som minstesatsen for arbeidsavklaringspengar (AAP). Dei som har barn, vil få eit tillegg.
– Eg er spent på å sjå korleis Nav-kontora vil løyse dette oppdraget. Målet er å hjelpe unge menneske ut i aktivitet og sikre dei ei varig tilknyting til arbeidslivet, seier Brenna.

Kva vil deltakarane tene?
Inntektssikringa vil vere på same nivå som minstesatsen for arbeidsavklaringspengar (AAP). Det er om lag 250 000 kroner for dei over 25 år, og om lag 170 000 kroner for dei under 25 år. Dei som har barn, vil få eit tillegg. Deltakarar som tener eigne pengar gjennom programmet, vil få mindre utbetalt frå Nav. Det vil likevel alltid lønne seg for deltakarane å jobbe så mykje som mogleg.
Kven kan delta?
Deltakarane vil vere unge mellom 18 og 29 år som har fått fastslått at dei har behov for bistand frå Nav for å kome i jobb. Nav vurderer konkret kven som er kvalifisert, men ein treng ikkje ha ein medisinsk diagnose. Nav må vurdere det som sannsynleg at deltakaren vil kunne forsørge seg sjølv etter at programmet er over. Deltakaren må vere motivert og i stand til å følgje opp ein fastsett plan for eit program på full tid.
Kor lenge skal forsøket vare?
Programmet er ei forsøksordning som startar opp hausten 2025. Det vil vil vare opptil eitt år for kvar deltakar. Forsøket skal evaluerast fortløpande. Det vil bli avgjort innan seinast fire år om programmet skal vidareførast.
Kva slags aktivitet vil programmet innehalde?
Ungdommane skal gjennom Nav få eit individuelt tilpassa program på full tid. Programmet kan innehalde deltaking i arbeidsmarknadstiltak, eigenaktivitetar slik som jobbsøking, skriving av CV, og andre arbeidsretta aktivitetar. Individuell rettleiing og oppfølging frå Nav vil vere sentralt. Arbeidspraksis og lønna arbeid vil også vere ein del av programmet.