Revidert nasjonalbudsjett
Sjukehusa får auka rammer
Nyheit | Dato: 11.05.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa foreslår ei varig budsjettauke til sjukehusa, i tillegg til ei ekstraordinær pris- og lønnsjustering av sjukehusa sine budsjett. Dette utgjer til saman 4,7 milliardar kroner.
I tillegg foreslår regjeringa auka låneløyvingar på 1,5 milliardar kroner. Det betyr at dei samla løyvingane til sjukehusa vil auke med 6,2 milliardar kroner i revidert nasjonalbudsjett.
Sjukehusa si varige budsjettauke på 2,5 milliardar kroner blei varsla allereie i februar. Dette inneber ei varig vidareføring av tilleggsløyvinga som blei gitt i nysalderinga i 2022.
Vidare blir sjukehusa kompensert med om lag 2,2 milliardar kroner som følge av pris- og lønnsveksten i 2023.
Oppfølging av prioriterte område
Aukane set sjukehusa i betre stand til å følge opp prioriterte område for 2023 og bidrar til at dei kan gjennomføre nødvendige investeringar.
Lånerammene til sjukehusa blir foreslått justert med byggekostnadsindeks med tilbakeverkande kraft. Dette utgjer 5,4 milliardar kroner i auka lånerammer, der 1,5 milliardar kroner blir foreslått som auka låneløyvingar i 2023.
Det vil gi ei meir stabil og føreseieleg finansiering framover.
Forsvarleg og trygg behandling
– Vi har tidlegare varsla at tilleggsløyvinga som blei gitt til sjukehusa i nysalderinga for fjoråret blir ei varig løyving. Prisveksten i 2023 har vore større enn det som låg til grunn i det budsjettet Stortinget vedtok, så denne auka er nødvendig for å unngå kutt i pasientbehandling og nødvendige investeringar, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Midla vil sette sjukehusa i betre i stand til å følge opp styringsdokumenta for 2023, der prioriterte tiltak er psykisk helsevern og rask tilgang til helsetenester. Som varsla vil oppdaterte anslag også omfatte investeringspostar.
– Den ekstraordinære kompensasjonen er ei teknisk endring for å unngå ei utilsikta innstramming av det budsjettet Stortinget vedtok i desember 2022 og dei prioriteringane som låg til grunn for vedtaket, seier helse- og omsorgsministeren.
Løyvingar til sjukehusa i RNB 2023
- 2,5 milliardar kroner i varig løyvingsauke (oppfølging av nysalderinga 2022).
- Om lag 2,2 milliardar kroner i ekstraordinær lønns- og prisjustering av budsjettet.
- Om lag 1,5 milliardar kroner i auka låneløyving.
- Til saman blir løyvingane auka med om lag 6,2 milliardar kroner.