Skal gå gjennom tilskotsordninga til kyrkja og trus- og livssynssamfunn
Nyheit | Dato: 13.12.2024 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa har i dag oppnemnt eit ekspertutval som skal sjå på utforminga av tilskotsordninga for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn.
Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn. Trus- og livssynssamfunna er viktige både for einskildmenneske og for storsamfunnet. For mange menneskje utgjer samfunna viktige fellesskap for utøving av tru, og dei er fellesskap som skaper tilhøyrsle og identitet i lokalsamfunna.
Utvalet som i dag er oppnemt, skal kome fram til forslag til alternative finansieringsordningar som er meir berekraftige og føreseielege for Den norske kyrkja, andre trus- og livssynssamfunn og staten, enn det dagens finansieringsordning er.
– Vi skal ikkje ha ein debatt om staten skal finansiere trussamfunn eller ei. Men vi skal no sjå på om det finst ein betre finansieringsmodell enn den vi har i dag. Ein modell som både sikrar framtida til Den norske kyrkja som landsdekkjande folkekyrkje – samtidig som vi likebehandlar med andre trus- og livssynssamfunn, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Legge grunnlag for eit livssynsope samfunn
Føremålet med dagens tilskotsordning er å sikre at Den norske kyrkja kan vere folkekyrkje og at dei andre trus- og livssynssamfunna blir støtta økonomisk om lag på lik linje med Den norske kyrkja og på lik linje med kvarandre. Dette er forankra i Grunnlova § 16 og skal liggje fast.
Det overordna målet med lovgjevinga på området er å føre ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk som eit grunnlag for eit livssynsope samfunn.
Utvalet skal kartleggja kva som er utfordringar med dagens finansieringsmodell, og komme med ei tilråding til minst ein ny modell. Utvalet blir ikkje sett ned for at det skal sparast pengar, eller kutte eller fjerne støtte. Utvalet skal foreslå tilskotsmodellar som er føreseielege og står seg over tid. Dette er særleg viktig i tider som er usikre med konflikt og polarisering.
– For å sikre at utvalet har kunnskap om feltet, har eg bede om innspel til medlemmer frå Den norske kyrkja og Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL) og KS, seier Toppe.
Ulik fagleg bakgrunn
Utvalet består av sju personar med bakgrunn frå feltet, samt juridisk og samfunnsøkonomisk kompetanse. Det blir leia av Eivind Smith, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo. Utvalet skal levere si tilråding innan 20. august 2025.
Dette er medlemmane i utvalet:
- Leiar: professor Eivind Smith, Oslo
- Assosiert partner Tyra Margrethe Ekhaugen, Aurskog-Høland
- Statsforvaltar Gina Elisabeth Lund, Arendal
- Rådgjevar Anders Einar Broderstad, Kautokeino
- Stabssjef Øystein Daviknes Hagerup, Karmøy
- Pensjonist Bente Sandvig, Bærum
- Administrerande direktør Jørn-Henning Theis, Bergen