Skal utforme klimakrav til offshorefartøy
Nyheit | Dato: 12.02.2025 | Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljødepartementet har gitt Sjøfartsdirektoratet og Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut klimakrav til offshorefartøy i petroleumsverksemd.
– Vi skal kutte utslepp og skape jobbar. Noreg skal vere i front på grøn skipsfart. Det vil gje mogelegheiter og arbeidsplassar langs heile kysten vår. Klimakrav til offshorefartøy vil bidra til å redusere klimagassutslepp og fremje ny teknologi, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Offshorefartøy stod i 2024 for over 20 prosent av utsleppa frå innanriks sjøfart, sjølv om talet på skip var lågare enn fleire andre skipssegment.
Lågutsleppsteknologien har i dag kome langt, men dette og energieffektiviseringstiltak er ikkje tilstrekkeleg for å nå utsleppsmåla åleine.
– Med oppdraget vi no har gitt til direktorata om å utforme krav til offshorefartøy forsterkar vi politikken på grøn skipsfart. Vi arbeider for at krava skal kome raskt på plass og tek sikte på å sende krava på høyring rundt sommaren, slik at dei kan avklarast i løpet av året, seier klima- og miljøministeren.
Som ein del av oppdraget skal direktoratet vurdere det rettslege grunnlaget. Direktorata skal levere forslag til høyringsnotat og forskriftstekst til Klima- og miljødepartementet i byrjinga av mai 2025.
Les heile oppdragsbrevet:
Regjeringa har i fleire år varsla låg- og nullutsleppskrav til offshorefartøy i petroleumsnæringa. Utsleppskrava var ein del av den ekstraordinære skattepakken til petroleumsnæringa under koronapandemien.