Innovasjon Noreg med skaleringsprogram for landbruket
Nyheit | Dato: 09.12.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Innovasjon Noreg lanserte i år eit skaleringsprogram for landbruksbedrifter med vekstpotensial. Tilbodet er eit kompetansetilbod for å hjelpa norske bedrifter med å nå måla sine.
Regjeringa har sett eit mål om å auka omsetnaden av lokalmat- og drikke til 25 milliardar kroner innan 2035. På Internationale Grüne Woche (IGW) i januar lanserte Innovasjon Noreg eit skaleringsprogram for landbruk.
– Innsatsen som er lagd ned for norsk lokalmat- og drikke over fleire år har vore ein suksess. Desse bedriftene er gode eksempel på produsentar som bidreg til å trygga koplinga mellom råvareproduksjon og ferdig produkt. Auka produksjon av lokalmat vil bidra til å styrka sjølvforsyninga i Noreg, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Skaleringsprogrammet gjeld for lokalmatbedrifter med 5 millionar kroner i omsetnad, og som har ambisjon om 50 prosent vekst innan 3 år. Programmet passar både for dei med nasjonale og dei med internasjonale vekstambisjonar. Det varer i tre til fem månader og inkluderer både ein-til-ein-møte med rådgjevarar og felles samlingar. I slutten av november fann den siste fellessamlinga for dei deltakande bedriftene stad.
Dei har no kome godt i gang med å realisera vekstambisjonane sine, som både dreier seg om eksport og vekst innan daglegvare. Bedriftene har mellom anna fokusert på å finna ut kva for ei endring som kan gje størst effekt på skalering. Kvar einskilde bedrift har no definert satsingsområdet sitt og lagt ein konkret plan for vidare vekst.
Deltakarane i denne omgangen er ARV - Arctic Rein og vilt, Jentene på Tunet, Gardsbrenneriet, Ystepikene, Tveter Gård/Den Sorte Havre, Kringler Gjestegård (ny spritproduksjon), Osteverkstedet og ASK Spekehus.
Både ARV og Kringler er nysgjerrige på eksport til Tyskland, og har i samband med det, i lag med innovasjonsgådgjevarane sine, hatt møte med IN Tyskland.
Den Sorte Havre blei etablert som merkevare i 2019 og stifta av ekteparet Ingunn og Johan Anstensrud, Tveter Gård. Alle produkta er baserte på svarthavre: ein type urkorn som har vore dyrka i Noreg sidan før vikingtida, utradert på 1800-talet og teken fram att av Ingunn og Johan.
Osteverkstedet lagar italienskinspirerte ostar som mozarella og burrata frå norske råvarer, som konkurrerer med import.
ASK spekehus ynskjer å bygga merkevare og konkurrera i daglegvare på smak, kvalitet og handverkspreg. Ystepikene lagar ost på eigen mjølkeproduksjon. Dei ynskjer å auka omsetnaden frå 9 millionar til nærare 50 millionar.
Jentene på Tunet er det ekteparet Iris og Eivind Aune i Selbu som driv. Dei lagar premium sjokoladeprodukt og omset for nærare 40 millionar kroner per år, hovudsakleg gjennom Norgesgruppen sine butikkar.
Gardsbrenneriet har ein økologisk eplehage på nærare 4000 tre, fordelt på om lag 20 eplesortar. Alt som blir dyrka av eple og rabarbra blir pressa og vidareforedla til drikkevarer. Produktporteføljen har blitt stadig utvida og inneheld no eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer.