Skjerpa reglar for innleige

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa skjerpar høvet til innleige frå bemanningsbedrifter. Faste og direkte stillingar skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv.

Stortinget har no vedteke framlegget frå regjeringa om nye reglar for innleige frå bemanningsbedrifter som blei lagt fram i juni i år.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet innfører også ei forskrift om eit geografisk avgrensa forbod mot innleige frå bemanningsbedrifter for byggenæringa.

– Med desse endringane blir det seriøse, ordna arbeidslivet sterkare, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) på taket i AID
Foto: Astrid Waller

Målet til regjeringa er å få ned omfanget av innleigd arbeidskraft, og samtidig gi dei som er innleigde fleire rettar.

– Når hovudregelen i norsk arbeidsliv er heile, faste og direkte stillingar vil det gje eit meir produktivt og konkurransedyktig samfunn. Med faste stillingar vil verksemdene også investere meir i kompetansen til den tilsette, og det vil også kunne gjere det lettare å rekruttere fleire ungdommar til enkelte bransjer, seier arbeids- og inkluderingsministeren.

Dei nye reglane vil tre i kraft frå 1. april 2023, med overgangsreglar på nokre område.

Meir om dei nye reglane

Dei nye reglane fører til endringar i mellom anna arbeidsmiljølova, statstilsettelova og forskrift om innleige frå bemanningsføretak.

Dette blir nytt frå 1. april 2023:

  • Høvet til innleige «når arbeidet er av midlertidig karakter» blir oppheva. På enkelte område vil det gjelde nokre særreglar, sjå nedste punkt.
  • Det vil ikkje lenger vere høve til å leige inn frå bemanningsforetak til byggeplassar i Oslo, Viken og tidlegare Vestfold. Forbodet mot innleige vil gjelde alle fag på byggeplassar, så lenge dei er omfatta av dei aktivitetane som inneber «bygningsarbeid» i forskrifta.
  • Retten den innleige arbeidstakaren har til fast tilsetting i innleigeverksemda vil styrkast, ved at innleige etter avtale med tillitsvalde også skal gje rett til fast tilsetting etter ei viss tid. Retten inntrer etter tre år.
  • Ei ny føresegn i arbeidsmiljølova presiserer og tydeleggjer den rettslege grensa mellom innleige og entreprise.  

To unntak til den generelle innstramminga:

  • Det eine unntaket gjeld innleige av helsepersonell for å sikre forsvarleg drift av helse- og omsorgstenester. Slik innleige vil vere lov når arbeidet er av midlertidig karakter. Arbeidsgjevar skal drøfte behovet for innleige med dei tillitsvalde.
  • Det vil også gjelde eit unntak for innleige av arbeidstakar med spesialkompetanse som utfører rådgjevings- og konsulentteneste. Slik innleige må gjelde eit klart avgrensa prosjekt i verksemda som leiger inn.

Endringane trer i kraft 1. april og med overgangsreglar på tre månader på nokre felt. For innleige til avløysing i jordbruket er endringa i arbeidsmiljølova § 14-12 første ledd utsett inntil vidare. Også for innleige til kortvarig arrangement utsettes ikrafttreden for endringa i arbeidsmiljølova § 14-12 første ledd inntil vidare. Sjå vedtak frå statsråd 20. desember 2022 og 3. mars 2023 og overgangsregler til lov om endringer i arbeidsmiljøloven m.m. (inn- og utleie fra bemanningsforetak).

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.