Skoginntekta auka med 12 prosent
Nyheit | Dato: 24.03.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Skogeigarane med positiv næringsinntekt i 2023 hadde i snitt ei inntekt frå skogbruket på 75 000 kroner. Det er ein auke på 12 prosent frå året før.

I alt hadde 17 600 skogeigarar positiv skoginntekt.
Storleiken på den gjennomsnittlege næringsinntekta frå skogbruket varierer med storleiken på det produktive skogarealet og kvar eigedommane ligg. Storleiken på skogfondstrekket har òg tyding for nærinmgsinntekta.
Skogeigarar i Innlandet hadde ei gjennomsnittleg næringsinntekt frå skogbruket på 107 000 kroner. I Møre og Romsdal var snittet 36 000 kroner.
- Les meir på nettsidene til Statistisk sentralbyrå (SSB) Skoginntekten økte med 12 prosent – SSB
Gjennomsnittleg skogeigedom er på om lag 500 dekar. For skogeigarar som eig mellom 5 000 og 20 000 dekar produktiv skog, låg gjennomsnittleg næringsinntekt frå skogen på 351 000 kroner. Skogeigarar som eig over 20 000 dekar produktiv skog hadde eit snitt på 1,1 millionar kroner. 70 orosent av skogeigarane med positiv skoginntekt hadde mindre enn 50 000 kroner i næringsinntekt frå skogbruket i 2023.
Gjennomsnittleg hogstkvantum for dei 11 400 skogeigedommane som selde tømmer til industriføremål i 2023, var 999 kubikkmeter.