Skriftleg svar frå stortingsrepresentant Roy Steffensen om status på erstatningsoppgjeret for pelsdyrbøndene

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart stortingsrepresentant Roy Steffensen (Frp) på spørsmål om status på erstatningsoppgjeret for pelsdyrbøndene.

Svar på spørsmål nr 113 frå stortingsrepresentant Roy Steffensen

Representanten Roy Steffensen har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

 

«Hva er status på erstatningsoppgjøret for pelsdyrbøndene?»

 

Direktoratet har per 15. oktober i år handsama 386 ulike saker. Det er gjeve 222 førebelse tilbod, 126 endelege tilbod og 38 avslag på krav om erstatning. Det vil seie at dei aller fleste av pelsdyroppdrettarane har fått forskot basert på førebels tilbod, og at ein del har fått både førebels og endeleg tilbod.

 

Til saman er det gjennom kompensasjons- og erstatningsordningane for pelsdyroppdrettarar utbetala om lag 1,7 milliardar kroner.

 

Landbruksdirektoratet har på sine heimesider ei eiga side for spørsmål og svar om erstatning til pelsdyroppdrettarar med meir informasjon om handsaminga av sakene. Adressa til denne sida er:

 

https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/sporsmal-og-svar-om-erstatning-til-pelsdyroppdrettere

 

Eg viser til utdjupande informasjon i mitt svar på spørsmål nr. 2787 frå Bengt Rune Strifelt. Eg meiner det er avgjerande viktig for bøndene at det økonomiske oppgjeret, etter forbodet mot hald av pelsdyr, no blir betydeleg betre enn det Solberg-regjeringa la opp til.  

 

Med helsing

 

Geir Pollestad