Skriftleg svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik om praksis med tidleg avliving av travhestar

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) svara på spørsmål frå stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) om avliving av travhestar tidleg i livet.

Stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik har stilt dette spørsmålet for skriftleg svar:

«Er statsråden enig i at praksisen med å avlive travhester så tidlig i livet er i strid med formålsparagrafen i dyrevelferdsloven, og vil statsråden ta grep for å endre praksisen for eksempel gjennom regulering i hestevelferdsforskriften?»

Eg har registrert at Aftenposten har hatt fleire oppslag i haust, om at mange travhestar dør svært unge. Eg har òg registrert at Det Norske Travselskap ikkje kjenner seg igjen i korleis dette har vore lagt fram i media.

Aller fyrst vil eg minne om at det er ålment akseptert i samfunnet at vi kan halde dyr for menneskelege behov. Norsk dyrevelferdsregelverk gir ikkje dyra ein rett til liv, men ei plikt for eigarar og andre til å handsame dyra godt medan dei lev. Dyrevelferdslova set rammene for dette og for at avliving blir utført på ein dyrevelferdsmessig forsvarleg måte. Det er eigar eller dyrehaldar som har hovudansvaret for velferda til eigne dyr, og det er ikkje krav om kvalifiserande grunn for å få eigne dyr avliva.

I tillegg til lova og føreskriftene om hestevelferd, har vi eigne føreskrifter om velferd for hest og hund i konkurransar. Nett når det gjeld løpshestar, kviler det òg eit ansvar på arrangørar av slike konkurransar, mellom anna om å ha eit reglement med reglar om dyrevelferd og om å kontrollere dette.

Eg ser det ikkje som naturleg å ha eit konkret regelverk som regulerer spørsmålet om og når ein hest kan avlivast. Eg meiner eg dette er eit spørsmål som fyrst og fremst eigarane og sporten må ta tak i. Eg er viss om at dei tek dette på stort alvor og at dei som eig og trenar hest har eit stor hjarte for hesten.

 

Med helsing

 

Geir Pollestad