Svar på spørsmål om færre gardsbruk frå stortingsrepresentant Geir Jørgensen

Landbruks- og matminister Geir Polelstad har svart på spørsmål om forsvarlegheita i at det har blitt færre gardsbruk frå stortingsrepresentant Geir Jørgensen (R).

Svar på spm nr 391 - til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Geir Jørgensen - Forsvarligheten i at det er blitt færre gårdsbruk i 2024

Eg viser brev av 15. november 2024 med følgande spørsmål frå stortingsrepresentant Geir Jørgensen til justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

 

«Foreløpige tall fra Landbruksdirektoratet tilviser at det har blitt 360 færre gårdsbruk i 2024. Synes du som ansvarlig minister ovenfor Norges beredskap det er forsvarlig at ett gårdsbruk forsvinner hver enste dag?»

 

Eg har fått spørsmålet sendt over frå Justis- og beredskapsministeren og vil svare på det.

 

Hovudoppgåva til jordbruket er å produsere mat til befolkninga på ein berekraftig måte, og det er i denne stortingsperioden sett høge mål for sjølvforsyning av jordbruksprodukt. Målet er at sjølvforsyningsgraden, korrigert for import av fôr, skal vere 50 prosent. Skal ein nå dette målet må jordbruksareala i heile Norge utnyttast, og det krev ein variert bruksstruktur. I Hurdalsplattforma heiter det:  

 

«Ein variert bruksstruktur som er tilpassa Noreg sine naturressursar og geografi, gir dei beste moglegheitene til å produsere mat på ein berekraftig og klimavennleg måte. Det er òg viktig for å sikre god dyrevelferd, auka mattryggleik og betre beredskap.»

 

Regjeringa har prioritert norsk matproduksjon og jordbruket høgt, og har auka overføringane over jordbruksavtalen med 67 prosent sidan hausten 2021. I seg sjølv bidreg ein offensiv inntektspolitikk og auka inntektsmoglegheiter til å oppretthalde antall bruk i drift. Samstundes er det ei rekkje reguleringar og tilskotsordningar som er innretta for å oppretthalde ein variert bruksstruktur, både gjennom å jamne ut skilnader i inntekter mellom bruk av ulik storleik og å sette grenser for kor stor produksjonen kan vere på kvart einskild bruk, jf. tak på mjølkekvotar og konsesjonsregelverket innan kraftfôrkrevjande husdyrproduksjonar. 

 

Det er fleire drivarar i strukturutviklinga i jordbruket. Særleg har den teknologiske utviklinga medført at mange tunge manuelle prosessar er erstatta av maskiner og mekanisering i fjøs som lettar fôring, mjølking og reinhald. Eg vil derfor hevde at utviklinga vi har sett mot færre bruk i jordbruket ikkje skjer på grunn av jordbrukspolitikken med på trass av jordbrukspolitikken. Eg registrerer at det var om lag 360 færre søkjarar om produksjonstilskot i 2024 enn året før. Det er synd, men samstundes er dette historisk lågt. Tal frå SSB og Budsjettnemnda for jordbruket viser at i perioden frå 1970 til 2010 var det ein reduksjon i antall bruk frå 2 til 4 prosent per år. På 2010-talet var nedgangen 1,8 prosent, medan vi så langt på 2020-talet ser ein nedgang på 0,9 prosent. Det er ei utvikling som gler meg og viser at politikken verkar.

 

Vi har i jordbruket framleis ein svært variert bruksstruktur, og har samanlikna med mange andre land eit småskalalandbruk. Det er viktig for denne regjeringa at vi og for framtida skal ha det slik. Eg er samd med representanten Jørgensen at dette er viktig for både den totale norske matproduksjonen og lokal beredskap rundt om i landet.

 

Det trengs ulike verkemiddel for å nå målet om eit landbruk i heile  Noreg. Eit slikt tiltak var å redusera dei konkurransefremjande tiltaka i PU ordninga. Dette vart diverre stogga av Stortinget. 

 

 

Med helsing

 

 

Geir Pollestad

 

 

Kopi:

 

Justis- og beredskapsdepartementet