Forsvarets skyte- og øvingsfelt i sjø skal fastsetjast gjennom kommunale planprosessar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Plan- og bygningsloven skal framleis gjelde for skyte- og øvingsfelt i sjø. Regjeringa går bort frå forslaget til den førre regjeringa om å bruke sikkerheitsloven.

Illustrasjonsbilde fra øvelse Formidable Shield 23.
Arkivfoto fra øvelse Formidable Shield 23. Foto: Sigrid Vormeland / Forsvaret

- Eg er oppteken av å ha tett dialog med lokale, regionale og statlege interesser når vi skal planleggja skyte- og øvingsfelt. Plan- og bygningsloven er den beste staden å regulera skytefeltstrukturen og samtidig ta vare på det kommunale sjølvstyret og veie ulike samfunnsinteresser mot kvarandre, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Skyte- og øvingsfelt i sjø er viktige for Noregs tryggleik. Dei sikrar Forsvarets operative verksemd og den nasjonale beredskaps- og krisehandteringsevna. Felta dekker Forsvarets behov for å trene, øve og utdanne personell og teste materiell. Samstundes styrker felta norsk suverenitetshevding gjennom maritimt nærvær og legg til rette for viktig alliert trening.  Eksisterande skytefeltstruktur er ikkje rettsleg regulert i dag. Ei ny forskrift vil sørgja for auka føreseielegheit for Forsvaret ved at felta utanfor verkeområdet til plan- og bygningslova blir oppretta som militære forbodsområde. For alle skytefelt vil forskrifta også påleggja Forsvaret å regulera aktiviteten i felta i eigne skytefeltinstruksar. Desse skal utarbeidast i tett dialog med ramma interesser, mellom anna næringsinteresser og kommunale og statlege aktørar

 - Vi står nå i ein meir alvorleg sikkerheitssituasjon der det er naudsynt å auke aktiviteten til vårt eige Forsvar og våre allierte i våre kyst- og havområde. Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for sameksistens med andre næringar, samstundes som vi må syte for at norske og allierte styrkar kan ta vare på vår tryggleik. Dagens skytefelt er ikkje tilpassa den nye sikkerheitssituasjonen, seier Gram.

Hausten 2021 sende den førre regjeringa forslag til forskrift om skyte- og øvingsfelt i sjø på alminneleg høyring. Det vart foreslått at felta blir regulerte som militære forbodsområde med heimel i sikkerheitsloven § 7-5, med forbod mot ferdsel når felta blir brukt og mot etablering av faste installasjonar utan Forsvarets løyve.

Fleire av høyringsinstansane var kritiske til forslaget og meinte mellom anna at kommunale arealdisponeringar bør følgja dei ordinære planprosessane etter plan- og bygningsloven.

- Eg er samd med dei høyringsinstansane som meinte at det opphavlege forslaget om å bruka sikkerheitsloven legg for store avgrensingar på kommunale arealdisponeringar og det kommunale sjølvstyret. For det vidare arbeidet med skytefeltstrukturen er det derfor bestemt at skytefelt blir lokalisert innanfor plan- og bygningsloven, slik det er i dag, seier forsvarsministeren.

Felt utanfor området til plan- og bygningsloven skal etablerast som militære forbodsområde fastsett med heimel i sikkerheitsloven. Fartsavgrensingane vil berre gjelda når desse felta er i bruk, og tilgangen til å nekta etablering av installasjonar skal ikkje nyttast meir enn nødvendig.