Slik blir dei nye reglane for å bli universitet
Pressemelding | Dato: 11.12.2024 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa har no fastsett nye reglar for å få akkreditering som universitet. Frå neste år blir det krav om minst eitt doktorgradsprogram i staden for fire og det blir enklare for dei vitskapelege høgskulane å få opprykk til universitet. Endringane gjeld frå 1. januar 2025.
– Mangel på kompetanse kan dei neste åra bli eit alvorleg trugsmål mot velferd og verdiskaping i heile landet. Vi må kvalifisere ein større grad av befolkninga vår – og til det treng vi universitet og høgskular med eit breitt og spreidd tilbod. No legg vi til rette for at institusjonane kan dyrke sine særeigne kvalitetar, og ikkje bli dytta inn i same mal, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Dei nye reglane fekk brei støtte i høyringsrunden og vil gi krav som er meir i samsvar med dei som rår internasjonalt. Det er ingen andre land som har så detaljerte reglar for å kvalifisere som universitet som det Noreg har hatt.
Enklare og mindre byråkrati
Det har skjedd store endringar innan høgare utdanning dei siste åra, med fleire nye universitet og stadig færre statlege høgskular. Etter fleire fusjonar har Noreg gått frå fire til elleve universitet, med Universitetet i Innlandet som det nyaste.
– Vi må være sikre på at vi bruker ressursane i høgare utdanning på best mogleg måte. Det vi gjer no, er å avbyråkratisere, forenkle og realitetsorientere. Med dei nye reglane kan institusjonane bruke tida på å løyse behov i samfunnet, i staden for å delta i ein unødig og omstendeleg konkurranse for å kunne kalle seg universitet, seier Hoel.
Dette er dei viktigaste regelendringane:
- I dag er det krav om fire doktorgradsprogram for å bli universitet. Regjeringa endrar dette, og har bestemt at det skal vere krav om minst eitt doktorgradsprogram. Institusjonen må ha doktorgradsutdanning som dekker det vesentlege av fagtilbodet. Dette gjer at institusjonar med eit breitt fagtilbod i praksis må ha meir enn éi doktorgradsutdanning.
- Universiteta må framleis ha doktorgradsutdanningar som dekker det vesentlege av utdanningstilbodet, men reglane opnar for at institusjonane kan samarbeide om doktorgradsutdanningane.
- Regjeringa vidarefører kravet om stabil forskarutdanning innanfor det vesentlege av fagområda. Institusjonen må minst uteksaminere fem doktorgradskandidatar per år over ein treårsperiode og ha tatt opp minst 15 doktorgradsstudentar per år i snitt over ein periode på fem år.
- Dagens vitskapelege høgskular kan bli universitet etter ein forenkla prosedyre.
Gjeld nye søknadar
Dei nye reglane trer i kraft 1. januar 2025. Institusjonar som er akkrediterte som høgskule, vitskapeleg høgskule etter dei reglane som gjaldt fram til 1. januar 2025, skal oppfylle krava innan 31. desember 2026. For dei institusjonane som allereie har søkt, betyr dette at søknadar som blir behandla etter 1. januar 2025, skal behandlast etter dei nye reglane.
Slik ser universitetslandskapet ut i dag
- 11 universitet
- 9 vitskaplege høgskular, der 3 er private
- 4 statlege høgskular
- 6 private høgskular med institusjonsakkreditering
- Høgskular med akkreditering for enkeltståande studietilbod