Kompetansereformutvalet

Slik kan Noreg lykkast med livslang læring i arbeidslivet

Bransjeprogramma bør styrkast og det bør utviklast ei digital kompetanseplattform som viser moglegheiter for kompetanseutvikling i arbeidslivet. Det er nokre av tilrådingane frå det partssamansette Kompetansereformutvalet som har levert sin rapport i dag.

–⁠ Kompetansemangel er ei av dei største samfunnsutfordringane vi står overfor i alle delar av landet. Derfor har vi denne utfordringa heilt øvst på vår prioriteringsliste. Utgreiinga vi har motteke i dag, gir oss viktig kunnskap for det videre arbeidet. Som utvalet anbefaler, har bransjeprogramma vore eit viktig tiltak for regjeringa, og vi har satsa stort på høgare yrkesfagleg utdanning, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).  

Han fekk overlevert rapporten frå leiar for Kompetansereformutvalet, Dag Terje Andersen. Utvalet har bestått av hovudsamanslutningane i arbeidslivet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (staten som arbeidsgivar). Sidan hausten 2023 har dei greidd ut korleis dei tre partane betre kan legge til rette for omstilling og læring i arbeidslivet. Rapporten blir no sendt på ei brei høyring.

Vil styrke partssamarbeidet

Utvalet meiner Noreg har gode føresetnader for omstilling. Dei har særleg sett på korleis ein kan styrke trepartssamarbeidet om kompetansepolitikken. Utvalet meiner at eit tett samarbeid mellom arbeidsliv og staten er viktig for å lukkast med livslang læring i arbeidslivet.

For å gjere det enklare for verksemder og arbeidstakarar å jobbe med kompetanseutvikling, anbefaler utvalet å etablere ei digital kompetanseplattform som viser moglegheiter for læring i arbeidslivet.

–⁠ Det er naudsynt med ei digital plattform der ulike typar tilbod og verktøy for kompetanseutvikling i arbeidslivet er samla og enkelt å finne. Fragmentert informasjon er i dag ei barriere for kompetanseutvikling. Mykje kompetanseutvikling skjer i det daglege arbeidet. Ettersom kompetanse blir utvikla på fleire are­naer, er det viktig å ha eit system for dokumenta­sjon og verdsetting av realkompetanse, seier leiar i utvalet, Dag Terje Andersen.

Rapporten blir sendt på høyring

Mandatet for utvalets arbeid var omfattande, og rapporten har mange forslag til tiltak for vidare utvikling av kompetansepolitikken. På enkelte område har medlemmane ulike synspunkt.

–⁠ Utvalet tar opp mange vesentlege punkt og kjem med forslag som er svært relevante for heile arbeidslivet og mange aktørar. Eg ønsker derfor å sende NOUen på høyring for å legge til rette for ein god dialog om forslaga frå utvalet, seier Hoel.

Nett-tv KD NOU Kompetansereformutvalget

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her