Slik vil regjeringa la fagskulane godkjenne studietilbod sjølve

Stortinget har endra lova slik at fagskular skal kunne søke om institusjonsakkreditering, slik at dei kan opprette nye studietilbod utan å søke NOKUT om godkjenning. No har Kunnskapsdepartementet sendt på høyring forslag til vilkår for å få institusjonsakkreditering.

Fagskulesektoren er i rask vekst. I haust var det meir enn 32800 studentar ved fagskulane, det er meir enn dobbelt så mange som for fem år sidan – og 2000 fleire enn i fjor. 

På fagskulane kan studentane ta yrkesretta utdanningar som ofte er tilrettelagde slik at ein kan kombinere utdanninga med jobb. I NHOs kompetansebarometer for 2023 melde 68 prosent av bedriftene at dei treng folk med høgare yrkesfagleg utdanning.

– Denne regjeringa satsar på fagskulane, og vi ser at stadig fleire vel å ta fagskuleutdanning i Noreg. Fagskular som får institusjonsakkreditering kan raskare opprette studietilbod som er relevante og etterspurde i arbeidslivet. No sender vi forslaget på høyring, og håper å få mange gode innspel, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Nye reglar skal gjere det enklare å opprette nye studietilbod

Det er NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) som har ansvaret for å akkreditere nye studietilbod. Dei får stadig fleire søknader, og det har skapt lang kø for saksbehandling. 

Fagskulelova opnar for at fagskular kan søke NOKUT om å få institusjonsakkreditering. Denne endringa tredde i kraft 1. august i år. 

Når fagskulane kan akkreditere utdanningstilbod sjølve, vil det på sikt føre til færre søknadar og kortare kø hos NOKUT, og at fagskulane raskt kan opprette nye utdanningstilbod.

Ber om innspel til kva som må vere på plass for å få institusjonsakkreditering

No har Kunnskapsdepartementet sendt på høyring forslag til vilkår for institusjonsakkreditering av fagskular, og saksbehandlingsregler knytt til dette.

Dei foreslegne vilkåra skal bidra til å sikre at fagskulane som får institusjonsakkreditering, er solide og kompetente nok til å kunne forvalte fullmakta på ein god måte. 

Forslaga bygger videre på systemet som allereie eksisterer for akkreditering av utdanningar og fagområde. Dette inneber at fleire av vilkåra anten motsvarer vilkåra som gjeld for fagområdeakkreditering, eller er ei vidareutvikling av desse.

Fakta

  • Akkreditering er eit vedtak basert på ei fagleg vurdering av om nærmere bestemte vilkår er oppfylt. Ein fagskule må ha akkreditering for å kunne tilby fagskuleutdanning.
  • Fagområdeakkreditering betyr at fagskulen har fullmakt til sjølv å opprette og endre fagskuleutdanningar innafor det aktuelle fagområdet.
  • Institusjonsakkreditering betyr at fagskulen har fullmakt til sjølv å opprette og endre fagskuleutdanningar på alle fagområde.