Spelemidlar til idrettsformål 2024: meir pengar enn nokon gong

3,7 milliardar kroner frå overskotet til Norsk Tipping blir fordelt til idrettsformål i heile landet i 2024.

–Alle barn og unge skal ha høve til å delta i fritidsaktivitetar, uavhengig av kor dei bor eller foreldra sin økonomiske situasjon, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. I  fordelinga av spelemidlar til idrettsformål prioriterer vi grep som skal bidra til å senka terskelen – slik at enda fleire og alle som vil skal kunne finna sin plass i idretten.

I 2024 aukar regjeringa avsetninga til idrettsanlegg i kommunane med 180 millionar kroner samanlikna med året før. Nærmare 2 milliardar kroner blir føreavsett til idrettsanlegg i kommunane.

– Tilgang på anlegg er ein av dei viktigaste føresetnadene for eit breitt og tilgjengeleg idrettstilbod, seier kultur- og likestillingsminister Jaffery.

– Fordelinga i 2024 gjer at nesten 40 prosent av søknadsbeløpa blir innvilga og gjennomsnittleg ventetid redusert med nesten eit halvt år. Vi tar også ned etterslepet frå nesten 3,5 milliardar kroner i 2023 til i underkant av 2,7 milliardar kroner i 2024. Med det har vi redusert etterslepet med godt over 1,8 milliardar kroner i løpet av perioden til denne regjeringa, seier Jaffery.

– Vi held fram og aukar innsatsen for å senke terskelen for deltaking, derfor prioriterer vi dette seier Jaffery.

130 millionar kroner blir avsett til tilskotsordninga som vart etablert ved hovudfordelinga i fjor; Ekstrainnsats for deltaking i idrettslag. I fjor var tilskotet 125 millionar kroner. Tilskotet til lag og foreiningar, dei såkalla LAM-midlane er òg auka, idrettslaga får 485 millionar kroner – det vil seie 38,5 millionar kroner meir enn i fjor.

Totalt går 7,1 milliardar kroner frå overskotet til Norsk Tipping til idrett, kultur og frivilligheit.

I 2024 blir det fordelt 3 723 millionar kroner til idrettsformål frå overskotet til Norsk Tipping. Dette er ein auke på 288 millionar kroner frå i fjor:

Post

Tiltak – idrettsformål

Fordeling 2024 (kroner)

Per post 2023 (kroner)

1

Idrettsanlegg

 1 935 398 000

 1 770 565 000

1.1

Idrettsanlegg i kommunane*)

 1 868 398 000

 

1.3

Løypetiltak i fjellet og overnattingshytter

      32 000 000

 

1.4

Utstyr

      35 000 000

 

2

Nasjonalanlegg/spesielle anlegg

      90 286 000

      78 620 000

2.1

Nasjonalanlegg

      89 901 000

 

2.2

Spesielle anlegg

           385 000

 

3

Forskings- og utviklingsarbeid

      39 814 000

      36 212 000

3.1

Idrettsforsking

      24 500 000

 

3.2

Idrettsfagleg utvikling

        5 000 000

 

3.3

Anleggsfagleg utvikling

        2 000 000

 

3.4

Digital utvikling

        6 100 000

 

3.5

Utviklingsarbeid i fylkeskommunane

        2 214 000

 

4

Spesielle aktivitetar

    169 965 000

    159 215 000

4.1

Antidopingarbeid mv.

      61 465 000

 

4.2

Fysisk aktivitet og inkludering i idrettslag

      33 500 000

 

4.3

Friluftstiltak for barn og ungdom

      46 000 000

 

4.4

Eigenorganisert fysisk aktivitet

      14 000 000

 

4.5

Arrangementstilskot

      15 000 000

 

5

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité

    870 000 000

    810 000 000

6

Tilskot til lokale lag og foreiningar

    485 000 000

    446 500 000

7

Særskilte tilskot

    132 500 000

    133 684 000

7.1

Mangfald og inkludering

        2 500 000

 

7.2

Ekstrainnsats for deltaking i idrettslag

    130 000 000

 
 

Totalt

 3 722 963 000

 3 434 796 000

*) I tillegg blir det brukt 18 millioner kroner av disponible midlar, slik at fordelinga frå post 1.1 blir 1 886 398 000 kroner.