Stadig fleire er nøgde med digitaliseringa av helsetenestene

Nesten to av tre nordmenn melder at dei er nøgde med dei digitale helsetenestene i Noreg. Det er ei auke på seks prosentpoeng frå året før. Samtidig opplyser nesten seks av ti nordmenn at dei har brukt digitale helsetenester det siste året – ei auke på 26 prosentpoeng sidan 2019.

Blant dei som har vore i digital kontakt med helsetenestene det siste året, har nærmare seks av ti av desse brukt tenestene tre eller fleire gonger, noko som kan tyde på ein lågare terskel for å bruke digitale helsetenester igjen når ein først har erfaring med dei.

– Det er svært gledeleg at nordmenn sin oppslutnad til digitale helsetenester har auka. For at vi skal ha verdas beste helseteneste også i framtida er vi heilt avhengige av å halde fram med å digitalisere vår felles helseteneste, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Digitale helsetenester og pårørande

Det er til saman 16 prosent av innbyggarane som er pårørande for ein eldre person med behov for bistand. 14 prosent er pårørande for ein person med alvorleg sjukdom og 20 prosent har barn under 16 år.

Av desse er det rett under halvparten (48 prosent) som seier at digitale helsetenester «fungerer bra» når dei har brukt dette på vegner av andre.

– Aktiv medverknad i eigen og nære si helse er eit strategisk mål i Nasjonal e-helsestrategi for helse- og omsorgssektoren (ehelse.no). Det er svært viktig at pårørande har gode digitale verktøy. Her er det spennande utviklingar på gang, til dømes DigiHelse-prosjektet i samarbeid med KS (ks.no), som gjer at brukarar og pårørande kan kommunisere digitalt med helsepersonell via Helsenorge, fortel Vestre. 

Kan digital kontakt erstatte fysisk?

Ja, det meiner i alle fall 44 prosent av dei som har svart på Helsedirektoratet si undersøking.

I underkant av tre av ti er ueinig i dette, mens ein like stor del ikkje har tatt stilling til påstanden.

Innbyggarundersøkinga om digitale helsetenester har vore gjennomført kvart år sidan 2019, men dette er første år kor dette spørsmålet er inkludert.

Positiv tendens

Alt i alt er innbyggarane sine oppfatningar av digitale helsetenester relativt stabile, men med ein positiv tendens i 2024 samanlikna med 2023.

Det er til dømes no meir enn tre av fire (76 prosent) som seier dei har tilgang til enkle digitale helsetenester, noko som er ei auke med fire prosentpoeng frå året før. Samtidig er det tre prosentpoeng fleire (totalt 63 prosent) som seier at dei har tilgang til sikre digitale helsetenester i 2024 samanlikna med 2023.

– Her er det mykje bra å bygge vidare på. Frå regjeringa si side er vi er i full gang med den vidare satsinga på å utvikle nasjonale e-helseløysingar og digital samhandling. Her satsar vi 1,25 milliardar kroner over seks år og 225 millionar er løyva no i år, påpeiker Vestre.