Stadig fleire svinebesetningar har status som SPF
Nyheit | Dato: 13.09.2024 | Landbruks- og matdepartementet
SPF står for «Spesifikk Patogen Fri», det vil seia at grisene ikkje har spesifikke smittestoff som kan gjera dei sjuke.
SPF-grisen er mellom anna fri for APP som kan føra til lunge- og brysthinnebetennelse hjå gris. Bakterien som fører til APP er blant dei større utfordringane.
– Me har tru på at me kjem opp til 50 prosent SPF i løpet av 2025, seier prosjektleiar Olav Tjelta i SPF Rogaland og Vestland.
30 prosent av all gris i Noreg finn ein i Rogaland, og regionen produserer 36.782 tonn svinekjøt i året. I nokre område ligg svinegardane tett. Det kan bidra til å auka risikoen, men næringa har både kunnskap og erfaring med luftsmitte innføre ein gjeven avstand. Omlegging til SPF krev ofte at ein involverer fleire partar.
I dei regionale prioriteringane for 2023 blei det opna for at Innovasjon Noreg kunne støtta investeringar i samband med omlegging til SPF-gris.
– Dette har vore eit viktig verkemiddel for å få fleire produsentar til å sanera til SPF-gris. Spesielt har dette vore ein viktig faktor for å få til områdesanering.